227
mann var ellers snild: han laante os Baaten sin paa Gjendin.
Dersom Folk forstod at liva, so reiste dei til Fjells berre for at faa ein Drykk af det makalause Vatnet, som gjeng deg til Merg og Bein, naar du sveitt bøygjer deg ned over den svarte Mosen for at ledska Tunga di. Der er forklaarad eller sublimerad alt det, du fær her uppe: jamvel Fisken i dette kalde Vatnet er so feit og fin, at han braanar som Sukker paa Tunga di.
Her maa koma ei Tid, daa kver som paa nokon Maate kan, dreg til Fjells om Sumaren, daa Sjukingen reiser hit istaden for til desse Bad, og daa bleiksottige Bydamer, desse Culturkrøkjor, fara herup forat venja seg til at vera Folk.
Og all denne Stordomen stevner det mot Enden med! Det er Synd, men det er raadlaust med det. Det meste af all den Jord og Sand paa Flatlandet er Afskavningar og Afrustningar af Berg, som Is og Vatten og Vind hava ført ned til Slett og Dal og fyllt deim up og dagleg fyller paa. Stein og Grus trillar ned etter Lidane og kjem aldri upatter; Bekk og Aa skrapar med seg dags dagleg, og i Flaumen gjeng det rennande Vatten stint som ei Mjølrøra og stundom undan Jøklarne reint som ein Leirgraut. Jøkulen glett og glider ned etter, og gnider og rullar Stein mot Stein og skurar paa Fjellet.
15*