224
god Sumarløn. Men no i Aar var netup ein Lomværing komen heimatter fraa Amerika og hadde i Sumer leigt Rusvatnet og fiskad utruleg myket. So vilde det koma til at ganga med det eine Fjellbeitet etter det andre.
Det var paa mange Maatar, eg slikt lagde ut at „Guanocraterne“ hava Rett; men det hjelpte ingenting; eg maatte jamvel sjølv læ aat deim, daa me komo til ei Sæter, der Mykdyngja laag og velte seg nedetter Bakken etter sama Tyngdelog og Nenneregeler som Jøklane eller Bræerne. Det var sama Slags Rivner og Baaror og Straumdrag i dette halvfaste To. „Hurra,“ sagde den Eine af os, „hadde alle desse glitrande Isbræer her i Fjellom voret af slik Hevd, so vilde vaare „Guanocrater“ hava lovsunget dette Land og funnet det likso fagert som no me gjera.“ Ja, ja, meinte eg, spott ikke med dette; det hadde nok voret Forslag i den Rikdomen. Men Vatnet i vaare Bekker og Æar hadde no daa komet til at sjaa fælt ut. „Guanuocraterne“ vilde hava komet i sama Legervoll her som deires Frender i England, der reint Vatten snart ikke lenger er at finna for alle dei Folk og Fabrik, som skjemma det ut.
Ein Engelskmann, som her i Sumar i „London society“ skriv om Alperne, sagde: „dei ero store og gilde slike Fjell, og me Engelskmenn lika deim vel; men, dei ero dyre; dei taka burt myket