Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/224

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

220

og Fjell ikring deg. Skrotten verdt ingjengjen og Tanken upkveikt, og du verdt glad over at vera den Karen, som kan tola alt dette, og det er ingen Glede lik den at kjenna seg sterk. Og slikt som Maten smakar daa! „Det er til at missa si Forstand“ sagde eg eingong til Laatt og Løjge for mine Felagar, daa eg sat med ei Rjomekolle. „Takk Gud at du er solten; det kan aldri eg vera“, forteler Punch, at ein diger Handelsmann sagde til ein Stakkare, som saag ut som han var krøkt ihop af Staaltraad og bad om ein Skilling til Mat, for han var so solten. Der er meir sannt en Nokon trur i denne foretne Mannens Ord. Heve du livt ei Stund i Byen, so vil du hava kjent, at den beste Retten ikke smakar fullsøtt; for der er ikke det Tiltak, det moralske Mod i deg, at du kan skava deg up til at bli solten og trøytt. Du sleng og slarvar og skynar deg ikke lenger paa Maten og Svevnen. Skjerp deg up og tak til Fjells, og so skal du faa eit godt Hjartelag for den Arme utan at misunna den Rike, som ikke veit af slik Livsglede. Han liver millom Svevn og Voka, millom Svolte og Mette i ein Døs, som mergsteler honom og sløkkjer ut Elden i Augom hans.

At arbeida og vera solten og faa Metten sin gjev ikke den Sprett og Spenn paa Flatlandet og i Byen som til Fjells. Derfor ero Folk meir