Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/22

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

18

Eit „Selskap“ vardt stiftad, som Nytte kan gjera,
med Navnet „det norske.“ Det Navnet er gildt.
Me ynskja, at Selskapet sjølv maatte vera
som Navnet so stort og so hjarteleg snildt,
so Ingen paa det kunde sadla og „ride“
som Aar atten Hundrad og femti og nie.

Eg takkar kver Mann, som med meg vilde lida
for det, vaare Fedre mot os hava gjort.
Me Alle for Synde so saart faa at svida,
og Dølen fær sit; han maa tala so stort.
Men strida me skulle som Nordmenn og „lie“
likt Aar atten Hundrad og femti og nie.

Me Aaret no sjaa in aat Enden at lakka:
Ein Augo maa væta, om aldri so sterk.
MeD alle Vaarherre so storleg maa takka,
for over han bar med vaart skrøpelegt Verk.
Til Farvel me Alle so mjukt maa os „nie“
for Aar atten Hundrad og femti og nie.