Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/211

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

207

ligg paa den Scotske Sida af Tweed, som er Grenseaa mot England. Han drog etter Anden og bad Datter si at slaa up Dyrne til Trammen ut mot Straumen, idet han sagde: „Lat meg enno eingong sjaa mi kjære Tweed, før eg døyr“.

Det er inkje Under, at det slær Fjellfolk den fyrste Gong dei fara paa Mjøsen. Dei taka jamleg slikt til Ords: „Aa nei so vænt her er! og so rikt og stort daa! Her maa vera lett at liva, her“.

Dette sagde eg og, daa eg fyrst kom derup. Men sidan er eg komen etter, at Skilnaden endaa ikke er so stor, som den skulde synas. Den, som eiger ein stor Gard han kan her liva større en up i Dalane, men eg vilde heller vera Husmann og Tenare der en her nede paa Storlandet, der Livet er komet so langt, at Skilnaden millom Folk er naadd lenger in i det. Og Garden maa vera baade god og gjeldfri, skal Mannen kunna hava ei Fritid for Tanken og ikke slita seg up i Matstræv. „Garden er for stor, og det eter seg up atter altsaman“, sagde ein Mann paa ein stor Gard eingong, „det er som eg skulde bera Mjølet og Flesket ned i Mjøsa no i Aannetidone. Du kan sjaa dine gode hundrad Menneske med smaatt ikring alle desse Kjøkkenbord.“ „Ja ja,“ svarad eg, „men dette er godt og vel. Dei liva alle desse paa Garden, og du heve endaa sovidt tilovers „at du