Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/210

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

206


Ei Fjellferd.


Eg trur aldri, at Elsken til mit Fødeland synskverver meg, naar eg finn, at det er finare at fara paa Mjøsen en paa den navngjetne Rhinen. Skreidfjellet er mindst tridubbelt so stort som Bergkullane kring Rhinen, og Landet kring Midten paa Mjøsen er mest likso rikt som dei beste Rhinbredder fraa Mainz til Bingen. I Italia heve eg aldri voret, men ein vidfaren Mann sagde meg eingong, at Synet fraa Eidsvollbakken up igjenom den logne Straumen, og ei Ferd paa Mjøsen var betre en at fara paa Lago Maggiore. Det er eit rikt og fagert Land Mjøslandet med Helgøy i den breidaste Fjorden, og eg heve no i over 10 Aar mindst eingong om Aaret faret der; men eg lengtar enno like myket etter at koma der up atter. Naar eg stend og seer utover Mjøsen, kjem eg so tidt ihug dei sidste Ord af Walter Scott. Han laag i sit gamaldagse Hus Abbotsford, som