Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/209

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

205

dette verre og nyare en millom Valders og Gudbrandsdalen, der me hava slike „romantiske Historier“ som om „Riddarspranget“, og der dei jamvel berre for gode tretti Aar sidan møttes mannsterke paa ein af Vinsterisane og slost om Fiskeretten i dette mest makalause Fiskevatnet. Gudbrandsdølen tapad, segjer Valdrisen, om han var mest dubbelt so mannsterk. Der skal enno vera „Invalider“ etter Slaget paa some Garder. Men der fallt nok ingen, endaa dei stungo og slogo med Isvetkjor og Staurar. — Det var den gode gamle Procesmaaten med Aastadssaker. Der var nok Stevning og Thing daa og, men Kniven var i Bakhaand som Hægsteretsdomaren. Det var liksom det enno er Rike og Rike imillom med „Diplomati“ og „Congresser“ og so som ultima ratio eller sidste Retsgrunn, riflad Kanoner og Bakladningsgeværer. Me skulle ikke læ aat desse gamle Bygdarfolk. Det er likeins enno, men berre i ein større Stil.

Det er utrulegt for eit Nationalhat der kan vera millom slike Bygder, og det rike Tungemaalet heve god Raad paa stingande Slengord til kverandre. Eg veit soleids det var ein Valdris, som eingong sagde — — „Eg er daa eit Menneske, og ingen Døl.“