Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/207

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

203

kan kver vita, at det verdt Hus af, naar no dei med den vesle Grisungen pusta i Oska og dansa kringom paa Jordgolvet. Dette er den gamle Skikken overalt so nær som i desse tvo austlege Dalane, der Kona paa Garden med alle dei Smaae vistnok ofte er til Sæters, men so er der tvo tri Rum i Huset, og der er ellers so vel stelt, at alt gjeng reint og fint til.

Paa some Sætrer mest i Gudbrandsdalen taka dei til at hava Lærarar fraa Schveitz i Ystning og desse gode Døla-Hovud læra seg snart til at taka etter, so me snart faa so god Ost, som det er mogelegt etter Beitet vaart. Eg heve ellers høyrt overalt, at dei ikke lika desse Schweitzerar berre til dette eine, nemlig Ysting. Dei hava det ikke so reinslegt og stella paa langt nær ikke so godt med Buskapen; men det er sparsame Folk, so dei altid leggja seg up ein Skilling. Dette er og nokot af dette nyare og hægre Matstrævet, som er meir velmeint en visgjort, sovidt eg heve funnet det ut ved at tala med Folk, som eg maatte tru paa.

Det er baade Skam og Skade, at der ikke skal vera so godt Sæterstell i dei vestlegare Dalføre som i desse Austdalar. Der er frodigare og betre Beite der lenger Vest, afdi der fell meir Regn. Men desse Bygder maa faa større Sans for husleg Hugnad og trivlegt Stell, før dette