Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/202

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

198

vil kalla det. Men dette er ingen Stil. Det er ikke eingong nokot Tungemaal, men eit Slags Fingerspraak, eller om du so vil, eit Minespil.

Eg brukar tidt dette Spraaket so millom ¹⁴„Utvalde“. Og det var eingong ein af desse, som under ei slik Samtale om dette velsignad Maalstræv trudde, at han rett skulde knipa meg, idet han sagde: „Ja, ja, dette er altsaman godt og vel, men du talar ikke no, som du skriver.“

„Nei, det trur eg vel,“ svarad eg, „dette er ingen literær Stil, men liksom ein Telegraf millom Folk, som forstaa halvkvedne Visor og eit Vink eller Augnakast. Det vilde ganga kvert Tungemaal under ei slik Tankens Galopade som naar du svint spannar paa deg for trange Klæde. Det brakar og rivnar i kver Saumen. Inkje Verdsens Spraak er slikt, ikke eingong det Engelske, naar det mest er mettad med sine grekiske og latinske Ord. Nei, min Herre, me maa kjenna til det, som verdt kallad Spraak og Stil, og naar me kjenna til dette, so samblanda me aldri dette vaart Samtalespraak med den Ting. Det er so lettvinnt at tala som no her, og for Folk med nokotsonær sama Kunskap og aandelege Underbygning er det godt nok; men me forveksla det aldri med eit Tungemaal, hadde eg nær sagt.“

Denne Slags Stilen sjaa me ellers nok af, naar det rett skal vera fint. Og Folk, som ofte