189
Livet og Naturen ut af den nakne Tanken. Og dette er og Skilnaden millom den eldre og den nyare Philosophi. Alle desse Sjaa hava soleids sine djupe Røter. Det er dei store Tankar dei ganga ut ifraa, liksom denne Gasen her fraa Chemien.
Det laag tidt i den gamle Tru at gjera Jorde til eit Helvite for at koma til Paradis. Me derimot tru, at me fyrst maa gjera denne Jord til eit Paradis her, før me kunna koma til Paradiset der uppe.
Dei Gamle trude, at Mennesket var slikteit framifraa Ting, at alting sveiv i Dans kring det, jamvel Sol og Stjernor, ja dei trudde endaa, at sjølve Gudane komo ned og skridde for det.
Me hava derimot lært at vera mindre sjølvgode og kravsfulle, og me meina at denne Tru er rette Maaten at adla os paa. Me sjaa vel, at me ero dei finaste og beste Skapningar af Naturen, og at me soleids likfom ero Odelsmannen til Garden. Men endaa gløyma me aldri vaare Medskapningar; for me finna, at der er sama Naturen i deim som i os, berre at Naturen vaar liksom stend lenger uppe mot Himilen paa Stigen i Skapningsrekkja.
Derfor ero me baade so mannamilde (humane) og dyremilde. Og idet me soleids liksom stiga ned til Dyret, so er det ikke for at draga os ned