188
Paa eit annat Sjaa.
Mange kalla denne Tid ei Tid for Kjøt: eg synes derimot, det er ei Tid for Aand, og eg finn i alle desse Utstillingar eller Sjaa eit Merke paa dette. Alt dette Stræv etter at finna ut gode Reidskap og Jorddyrkningsmaatar og gode Matlagningar, kort, alt dette, som kjem frem i alle desse Sjaa: Fiskesjaa og Fesjaa dg Matsjaa og Blomstersjaa, alt dette stend i det næraste Samband med den nyare Naturvitenskap og visar, at Folk taka til at tenkja meir en dei gjorde i gamle Dagar. Folk tenkte vel daa og; for Folk maa altid tenkja liksovel som dei maa eta; men dei hengde liksom meir sine Tankar up i den tome Luft, en me gjera. Me draga Tankar ut af Naturen liksom Brennevinsbrennaren syrper og klaarar Spiritus ut af Eple og Korn. Det er af Livets Rokshovud me spinna Tanketraaden, medan dei Gamle meir snudde dette om og liksom spann