186
verdt kallad „Spectralanalysen,“ og det er i sine Hovuddrag at lata Skinet fraa Sol og Stjernor straala gjenom eit Slags Glas eller Prisma. Ved dette bøygja Straalane seg, og der teiknar seg af sama Slags Forgar og Strik og Stripor, som naar Elden af jordisk To skiner gjenom sama Slags Glas; og af dette, draga desse Lærde ut, at Sole og dei fleste Stjernor maa vera gjorde af sama Slag som denne vaar Jord, altso af Gull og Sylv og Kopar og Jern og all Slags Stein og To osv. Idet Ljosstraalen paa skjønsk gjeng igjenom slikt eit Glas, løyser han, som før var reint kvit, seg up i Regnbogens 7 Fargar, og det er no ved dette updagd, at der kjem ei serskild Stripe og Tverstripor (dei „Frauenhoferske Linier“) ettersom Veden til Elden er, so at Jern osv. liksom heve kver sin Loge og sine Skuggestripor utskilde gjenom Glaset. Og af desse Stripor faa dei derfor blandt annat ut, at der i den Eldluft, som flyter ikring Sole, og som me rødde om, at der blafrar og gausar i, der maa vera myket Jern upløyst i Eim, liksom her i Lufte vaar er Vatten soleids lagad, so at dersom det rignde der, so maatte det vera Jernkulor, liksom det her er Vatsdropar. Men Regn ned paa slikein Glod maa eima upatter med det sama, liksom du seer Dropen rjuka upatter fraa heite Steinen. Der maa derfor vera ikring Sole Skybankar af Jern liksom