Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/189

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

185

støyta imot nokot. Dette verdt seet af Kula, som slær imot nokot, og likeins naar du slepper ned ein Stein eller nokot annat Tungt. Varme og Fart og Tyngde kunna soleids liksom bytas om i kverandre eller omvekslas i aunan Mynt, og det er meint at vera den sama Kraft i serskild Skapnad, ettersom den syner seg. Det er soleids sagt, at der vilde koma slikein Hite af det, om Jorde f. Ex. med eit vardt stansed i Farten sin, at alt, Berg og heile Greida, vilde smelta og rjuka up i ein Eldeim, so at Jorde ikke turfte kletta ned i Masornen paa Sole, men berre faa ein Stans eller eit Rykk for at braana og yngja seg upatter.

Gud veit no, om det er sannt alt dette! Det kan og henda, at ikke eg her heve sagt det alt slikt som dei klokaste i denne Vitenskapen no tru. Og etter som dei Stjernekunnige faa betre Reidskap f. Ex. større Kikarglas, so daga dei up meir og meir og maa retta paa gamle Tankar. Det sama gjera dei og, ettersom andre Greiner i Naturlæra veksa lenger og lenger fram. Og det sker dagleg. Men det Meste i mangt af dette er vist sannt, so det berre er Utjavning paa eit og annat, som der stødt og vist alt til Daganes Ende maa til; for Mannatanken og Vitenskapen tru me altid vil koma lenger og lenger fram eller nærare og nærare up til Gud.

I desse sidste Aar er det upfunnet nokot, som