183
mar i denne Eldeimen der kjem det, som verdt kallad Flekker i Sole, og desse Flekkine er det reiknad ut koma atter paa sama Staden imot os etter ein Rundgang paa ikring 55 Aar. Og daa det no iaar er 55 Aar etter 1812, daa der Aaret i Fyrevegen var slike Solflekker og det sama ifjor, so er det af det, at den sama kalde Vintren og seine Vaaren var iaar liksom det Aaret, og derfor verdt det fælt for ein kald Haust og liksom daa.
Det er Synd, at ingenting skal vera reint i denne Heimen, men at slikt eit stort lysande Ting som Sole og skal hava sine Flekker!
Af dei 8 Planeter er Merkur og den lysande Aftan- og Morgonstjerna, Venus, dei næraste Sole og so kjem vaar Jord og so den koparraude Marts og so den store Jupiter og so Saturnus og so Uranus og so endeleg Neptun. Desse Døtrar af Sole sviva som Sandkorn og Ertar og Trast- og Hønsegg, etter som dei ero store til, ikring hena. Det er meint at desse Planeter ero strøymde ut ifraa Sole som ei Eldskodda eller sprakad ut som Gneistar eller slikt, og so hava dei svivet i Smelt ikring hena, alt til dei bar til at kolna og storkna utanpaa til eit Eggeskal ikring liksom vaar Jord, og so lenge som der er Eld innanfor denne Skorpa so hava dei Vatten og Luft liksom vaar Jord og kunna taka mot Solvarmen. Men daa dei ero smaae, so kanske dei reint kunna afkolna og storkna