Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/183

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

179

sin legg sine Egg in under Fivreld-Madkens (Sommerfugl-Larvens) Hud, og af desse Egg kjem der ein Madk, som liver af Fivreld-Madkens Kjøt og Invollar, alt til han heve etet seg heilt in i Skinnet, som daa og verdt hans, so at Folk maa tru, at det er det gamle Dyr, som liver der heilt og helsad, alt til Maska fell af, og det nye kjem friskt og ferdugt fram. Det er liksom det gamle Dyret heller ikke viste nokot af dette nye, som paa denne Maaten verdt fostrad i det og af det og løyser det af.

Slikt gjeng det med somange Overganger i Tankelivet, med Stater og „Systemer,“ ja endaa med vaart Maalstræv. Dette er vist og „Forholdet mellem Tro og Viden,“ som her no er slikt eit Leven med i vaar aandelege Middelstand.

Paa denne Maaten heve det og gjengjet med denne Soltru: Vitenskapen og Lærdom med Kikaren og andre Reidskap hava gjevet os ein Kunskap om Sole, som gjerer at me taka hena paa ein Maate likso vel for ein Gud no som i gamle Dagar, men paa eit annat Vis; for ho er enno likso snild og god mot os som før, so ho nok er værd at elska. Ja, denne nyare Naturvitenskap gjerer os i Grunnen til langt betre Soldyrkarar en dei Gamle nokotsin vaaro; for naar me rett sjaa etter, so finna me, at det er fraa Sole alt Liv kjem, etterat Jorde er so afkøld, at den meste Varmen kjem ovan og ikke nedan.

12*