Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/181

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Solskin

er det, som vantar, segja Folk, naar Aaret seer ut til at bli for seint. Det er Varmesummen, som er forliten naar Aarsvokstren ikke fullmognar.

Vaare skiftande Meiningar om Sol og Solvarme, visar godt Gangen i Mannatanken. I gamle Dagar trudde Folk, at Sole var ein Gud, og om denne Guddomen var der mangei Tru og Segn. Sole var eit livande Ting, og dei germanske Folkeferder gjorde hena til eit Kvende (ho), men dei romanske gjorde hena til ein Mann (han).

Barnet og den faakunnige Mann sjaa dei skapte Ting (Naturen) og blaasa Liv i deim, og gjera deim anten til gode eller vonde Ting etter den Nytte eller Skade, som dei synes gjera. At Sole maatte vera ein Gud var derfor greidt i kalde og kaldvorne Land, medan ho i dei fælande varme likso tidt var eit vondt, sinnat Ting, som ho likeins ender og daa vardt her Nord; og derfor var ikke Sole helder nokon fullgod Gud men

12