Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/178

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

174

Ro en til det som illt var. Det var ein Mann med stor Sans for Sømd. Eg skal aldri gløyma ein Dag der burt i Gata likeover for meg. Han hadde gjorde gode „Forretninger“ den Dagen og fengjet vel myket til seg af det Sterke. So kom der daa mot Kvelden liksom eit Slagsmaal der inne i Brennevinsbude, der han gjorde sine største Forretninger; og dette Slagsmaal drog seg ut paa Gata, og Folk strøymde til som vanlegt ved slikt Leven. Med sin Sans for Sømd stelte daa Mæglaren seg ut i Gata og breidde ut Hendane som ein Prest og formanad deim alle til Folkeskik. „Aa hoi,“ skreik some, „sjaa der Mæglaren]!“ „Var du lik til at læra os!“ sagde Andre. „Mægla deg up og mægla deg ned!“ beljar den store Hopen, og ned i Rennesteinen bar det med Mæglaren. Up reisar han seg og rister af Klædom sine og gjeng tigjande burt som Diogenes.

Og so var det daa ein Haust, at „Mæglaren“ vardt kjend i ein Stall og lagde seg i dei kalde Nættane in i Baasen eller Spiltouget ved Sida af ein snil Hest, som endaa het Svarten. Der hadde han det baade varmt og mjukt; for han grov under seg Høy, som der var god Raad paa. Ho livde endaa Kona hans i den Tid; men om Mæglaren var aldri so snild, so syntes ho han drog forlitet til Huset, og livde formyket saman med gode Kjenningar som han skjenkte mangein Dram