Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/176

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

172

leg Handelsmann han hadde voret i dei seinare Aar, etter at han var vorden vel gamal til Tungarbeid. Han var Millommann for mindre Handelsmenn og foor med Prøver af Korn og Gryn og Egg og slikt nokot, og vardt for dette kallad Mægleren. Naar han so gjorde ein slik liten Handel, so fekk han nokre Skillingar og ein halv Pæl attaat, og so gjekk han daa syngjande heim atter om Kvelden med eit Brød under Armen og tidt med ein liten Buttel i Lomma til Hugnad for Kveld og Nott.

Men det var smaatt til Heim han tidt hadde denne Mæglaren. Om Sumaren kunde han segja med Haren: „Hus i kver Busk, Hus i kver Busk;“ og dette kunde han daa mest segja om Dagen; for eg saag honom tidt liggja sovande ut i Graset sosom i Studenterlunden og paa den gamle „Huseigartomt.“ Der laag han daa i Sol eller Skugge, ettersom det fall seg til, laag der med sit snaude ærværdige Hovud, som der berre var nokre Haarspiror kring Øyrom paa; eldande raudt som ei Hummerklo var dette Hovudet, og Eimen stod af det i Grase der det laag. „Mægler!“ sagde eg tidt, „stat up, du kan faa Solsting.“ Up reis han daa ofte tumlande; for du kan rava naar du riser up, etterat hava sovet i Sole, om du ikke er fleinskollutte eller heve lagt deg drukken som Mæglaren.