166
Folk med Skildt paa
kan du lett kjenna. Dei hava Skildtet sit hangande utanpaa seg liksom Garvaren Oxehovudet sit over Ingangen sin.
Eg gjekk meg her ein Kvelden paa Concert. Der saag eg ein Mann med langt Haar sveipt attikring Øyrom sine og med eit framifraa Skjegg, og mysande og blundande gjekk han. Det maa vera ein Kunstmann, tenkte eg, og fekk daa snart spyrja, at han var ein Byggmeistare eller slikt nokot.
So gjekk eg atter her ein Dagen og saag ei Dame; tilspjokkad var ho: Haaret hekk i Krullar ned ikring Hals og Herdar. Hatten var haag, og Floret flaksad som eit Flak. Kjolen var mest som ein Prestekjole med kvit Krage og Nedslag; halvblundande gjekk ho, og du saag straks, at der var nokot reint framifraa med heile Mennesket. Kven er det, kven er det? kviskrar Folk. Jau, det er ei „Malerske.“
So saag eg ein Mann med grøn Jakke og