Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/165

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

161

De gustibus non est disputandum

er det gamle velkjende Romerske Ordet, som Bokmaalet vender so, „at om Smag og Behag kan man ikke disputtere.“ Me segja: „om Liking og Misliking er det aldri værdt at ordskifta,“ og „naar eg likar det, og du likar det, so er den Sak aldri værd at tala om.“

Philosopherne leggja dette slikt ut, at det berre er i vanlege Smakssaker, at Folk ero so usamse, men at der for dei større Tanker, slikt som om det Fagre i Maaling og Bildthogging og Diktning er ei sams Grunnlog, som Alle maa lyda og samstavas om, likso vel der som naar det gjælder om det Rette og det Sanne.

Dette vilde kanske vera sannt, naar Alle vaaro likeins skapte og like gamle og like kloke, og hadde ført det sama Slags Liv, kort vaaro i eit og alt so like som tvo Vatsdropar. Men daa no aldri tvo Menneske ero so like, so sjaa dei heller ikke Livet paa sama Maaten, men hava kver sine serskilde Tankar baade om det eine og det andre,

11