Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/160

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

156

han ellers duger nokot, og det er berre om slike Folk me her tala. Han heve nemlig betre Skolekunskap en dei andre. Og Folk er so kloke, at dei agta og æra Kunskap, naar ellers Mannen er god. Dei sjaa som Blomen up til Sole. Derfor skal ingen trega paa det, om han so ikke kjem in i nokot Landsens Ombod, men verdt Jordbrukare, Sjømann, Handverkare, Handelsmann, Fabrikdrivare eller hot det no er, som me liksomyket trenga til som til Embættesmenn, og som me derfor takka, naar dei gjera si Pligt. Dei fleste af dikkon ero enno so unge, at de kunne slaa in paa hot det skal vera, og de hava i Studentexamen ein Arv, som er ein god Livskapital at begynde med. Skam faa den, som ikke kjem fram med den Arven!

Og so finnst der mange blandt dikkon, som Staten endefram fær Bruk for, naar de berre venta ei Stund. Og daa fær Staten Embættesmenn, som hava tenkt nokot og prøvad Livet. So kunna mange bli Lækjarar og ganga paa eigen Hand her heime, og om her verdt for fullt, fara ut, ut til Hongkong, Australia, Amerika til heile Verde, som no er opnad for Alle. Overalt treng Folk til Doctoren, han fær Takk og Betaling. Han fekk eit Pound for at draga ut ei Tonn i Californien. — Og so kunna some taka Prestlæra og fara til vaare Landsmenn i Amerika. Det er