149
var alt. „Det er berre til at forvenja deim,“ meinte han, „og Kona heve ikke meir Vit paa Byen en Gaase. Ho heve nok at gjera heime og sjaa etter, naar eg er burte, skulde eg tru, og med det er ho mest lykkeleg og.“
Svein derimot hadde med seg det heile Bøle. Han livde som Storkaren, gjekk paa Theater og Concerter med Kona og allesaman. Borne gjekk i Skole, Gutarne reid og siglde imillom, og Gjentune gjekk og lærde spila. Han hadde Storlag imillom, og ute var han kver Kveld. Det var dyrt, og det verste var endaa, at han ikke fekk Tid til at gjera nokot stort. Det var vel ikke stort det, han kunde hava gjort, men nokot var det likevel. Hende det, at han reis up at tala, so var det snart merkjande, at han ikke var inne i sine Saker. Olaf derimot gjekk gjenom alt og kjende greidt den Sida, han var med paa der og der; men det var ikke meir en sovidt han lyfte up Munnen sin eit Par Gonger. „Somyket heve eg daa lært,“ sagde han eingong, „at eg veit at tigja still; for eg skynar at det skal myket til at tala, so det er værdt at høyra paa.
„Men,“ sagde Svein ein Dag til Olaf, „du er tankelaus med Borne dine ved det, at du ikke heve deim med deg og seter deim i Skole.“
„Kan so vera,“ meinte Olaf, „eg seter deim i den Skolen, som eg skynar dei ero lagad for.