148
en Hjarta og den andre Inreidsla, so me sjukna og sjaa leide ut. Det døyr mangein af dette. Den gode Vokstren gjeng aldri ovende fort. Du seer likeins, at den altfor feite Aakren legg seg ned og ikke mognar. Eg gjeng meir etter Naturen en etter Bøker eg, og so prøvar eg meg fram som Hesten, naar han bankar med Framfoten in paa Isen, før han stiger ut paa.“
Dei vaaro kloke baade tvo: den eine af Boklærdomen sin og den andre af Livskunskapen sin. Og dei vardt valde paa Storthinget baade tvo, for alt det at dei vaaro or sama Gjeldet. Kvert Bygdarlag skal hava sin Mann, er den gamle gode Skikken; men det var slike framifraa Karar disse tvo, at Veljarane gjorde et Undantak. „Svein er en Framskridtsmann,“ sagde det eine Parti, nog Olaf er af dei støde Folk,“ sagde det andre, og so vardt dei baade valde.
Dei vaaro alt nokot til Aars baade tvo, men Olaf eldre. Svein hadde strævat og skrivet om Jordbruk og Vegvæsen og Laan og Framstig paa alle Maatar. Olaf hadde ingenting annat gjort, en Songklokka si, og so var han kjend som ein Mann med Fyndord og ein Haldare paa det Gamle.
Dei hadde Guds Gaavor af Born baade tvo. Men Olaf tok paa vanleg Bondevis korkje dei eller Kona med seg in i Byen under Thinget. Dei komo stundom og saago in til honom. Det