Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/150

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

146

fær Garden ein Gong, men ikke fær du den, solenge Nasabeinet mit stend uppe.“

Det veit ingen langt fram, er det sagt. Han Svein sjølv — for han het og Svein — han var ein Haustkveld ute paa Fjorden og drog paa seg so sterkt eit Krim at det slog seg til Lungesott, og han døydde før Aaret var ute. Og so fekk han Svein Garden. Denne vilde han daa driva paa den nyare Maaten; for han hadde og ei Stund voret paa ein Landbrugsskole, og mange Bøker kaupte han om Jordbruk. „Eg vil faa eit Mønsterbruk,“ sagde Svein, „so Folk skulle læra nokot, og ikke driva det paa det gamle Slarv.“ Ja, Aaker braut han up og Leirberg grov han sundt og gjenom harde Berget kunde han grava Veitor fram for at faa Utlaup. Han fylde ut Gormyrar med Stein og Leirjord; kort, han gjorde Garden som ei Dokke, og Raad hadde han til det. Fjos og alt bygde han i den gjævaste Stilen. Berre Fjøskjellaren kostad ikring 4000 Daler. Det saag ut som ein Festning. Dei gamle Hus vardt nedrivne og nye bygde up etter Teikningar fraa dyre Bygmeistarar. Maskiner af alt Slag lagde han seg til. „Det svarar seg altid best at hava alting af beste Slag,“ meinte Svein, „og ikke som gamle Folk hava det at slita og slarva med rotet og brotet. Det er til eit Fyredøme. Slike Folk som eg bør vera eit Ljos for si Bygd.“