140
kunde han altid sovidt, at han fekk ut si Meining, om det so var med alt det Knot. „Eg talar ikke som Heimefolk,“ sagde Svein: „eg vil vera ein cultiveret Mann.“ Og derfor kallad han seg ikke lenger Svein, som var so breidt og bondsk, men Svend.
Han vilde vera klok Guten, og derfor amad han paa med det, at han skulde til Hovudstaden paa ein Storskole nokre Aar. Faderen meinte, at Guten etter all den Kostnaden maatte vera boklærd nok no, men Moder hans heldt med honom som altid, og afstad kom han. Eg vilde segja det usannt var, dersom eg sagde, at det var læra han vilde. Det var at sjaa seg om og vera fri for Faderens bondske Tankemaate, og so vera Storkar, det var det. Derfor kan du vel og vita, hot Slags Skolegang det vardt. Han tok dei dyraste Lærarar. Men, det er ikke Læraren, som skal gjera deg klok. Det lyt du sjølv gjera. Læraren er liksom Rullekrakken med Hol i, som Barnsungen lærer seg til at starta og ganga med. Den Vesle maa kreka og krabba og starta og taka seg eit Stig og so detta og risa upatter sjølv, skal der verda Gang af. Derfor kan du vel vita, hot det var for ein Lærdom Svein fekk, daa han las solitet sjølv. Men han lærde af Omgang og af alt det han saag og høyrde i Byen, so der kom liksom ei kvit Kalkskorpe utanpaa den grove Muren.