Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/139

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

135

sitja heile Dagar med det Klokkemønster, han sat og gjorde seg up. So tok han det sundt og so sette det ihop atter og stelte med Spilverket. „Gud betre meg for deg Olaf,“ sagde Anne tidt, „Du er ikke som i gamle Dagar, og du seer det gjeng tilatters med os kver Dag.“ „Vent no,“ sagde Olaf, „so skal du faa sjaa, at eg gjerer nokot, som eg baade kan gilda meg af og tena Pengar med. Denne Tanken stend for meg; eg kan ikke faa honom ifraa meg, før alt er gjort.“

Men ingenting vardt gjort. Han reiste til Byen med Mønsteret sit, og kostad Pengar ut paa mange Maatar, og Anne gnaalar og sutrar, og Olaf gretnar og leidnar. „Der er ingen stor Tanke i deg, Kjering,“ sagde han ein Dag. „Aa nei, kven kan venta slikt af Kvendfolk.“ — „Er slikt store Tankar“ meinte Anne, „so er me Kvendfolk kloke, som ingre hava.“

Og slikt tok det eine Ordet det andre, som det tidt kan henda millom dei beste Parfolk. Men so var det ein Kveld Anne kom up paa Loftet til ’n Olaf, der han sat og stelte med Spilverket sit, og ho spende etter det med den eine Foten. „Er du vitlaus Kjering!“ kvad Olaf i, „rører du det, so veit du ikke hot eg kan gjera. Eg varar deg, og du veit eg er ikke at fjasa med, naar eg rett verdt Aalvor. Høyrer du Kjering! Det maa hava voret deg, som sette det i Ulag her ein Da-