Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/135

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

131

Kniv han kaupte og selde og bytte, so skulde han altid tena ein Skilling paa den. Han hadde derfor alt lagt seg up ikring eit Kuværd, so han var ikke so stor Fanten endaa, naar han kom til Byen.

Men han likad ikke Handelen heller so i det smaae; for han kom etter, at han laut ljuga vel myket, skulde han tena rett godt; og det var langt fram til at faa somange Pengar under Hand, at han kunde handla større og vera meir sannsagd. Han gjekk derfor in i Garvarlære og handlad berre med eit og annat smaatt attaat.

Men, han likad ikke Garving heller, og so gjekk han in i Urmakarlære og var der eit Aars Tid. Han tok seg so vel fram der, at Meistaren sagde til honom ein Dag: „Naar du heve stadet ut Læra di, so kan der verda myket til Mann af deg; men du maa ikke halda paa med denne Klokkeplanen din. Haldt deg til den javne practiske Gjerning og drøym ikke om at faa slikei Sangklokke istand. Den er ikke til nokonting, og Umaken løner seg aldri.“

So vardt han skriven ut til Soldat; og daa han var leid for han fekk høra illt for Klokkeplanen sin, so vilde han ikke ganga in i Borgarcorpset men hvervde seg. „Det gjelder inkje uprøvat,“ sagde han, „og eg fær vel Tid at læra nokot og finna ut det, eg er bedst lagad for.“

Han førde seg godt up i „Gardisonen,“ var

9*