127
ero harde og uvitande og sjaa i sjølve seg og Borne sine berre Dyreverk, so er det endaa fælare at Driftherrane kunna tola slikt paa sine Verkstadar. Men om dei og hava fengjet Smitten af denne drepande maskinlike Dyreluft, so er det endaa værre, at dei ikke skulle sjaa, at dei i Lengde maa tapa Penge med slik Drift.“ —
Ja, det var sorgsamt at sjaa den uhorvelege Mengd af dei lægre Fabrikfolk Engeland. Om Fridagar kunde dei taka seg Utflugter med Jernbanen. Dei vaaro jamleg daa vel klædde men med eit Aasyn som Dauden sat i Halsen. Og dette kraftfulle livsfriske Folk skal vera slikt medfaret af Fabrikarbeid! Arme England, det bitalar surt Rikdomen sin, og denne Rikdomen kan umogelig vara, for den einaste Nationalrikdom som varer, det er eit aandeleg og likamleg friskt Folk. Dei Engelske Fjelbygder verda utlagde for Fefoten, og det flate Land verdt meir og meir ein einaste By og eit einaste Fabrik. Alt dette dæmmer burt den Kjelda, som det friske Folkelivet skulde strøyma ut ifraa. Det var dette eg skreiv om i mi Engelske Bok og som gjorde denne Bok so utoleleg i England; for dei maatte finna — og sagde det og — at det var altfor sannt altsaman.
I Frankrike og Tyskland saag eg og myket af all denne Armodsdomen; men daa eg ikke var so lenge i desse Land, fekk eg sjaa mindre der;