Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/125

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

121

dette, andar in Forgift af Blybokstavane, og kanske eg og paa min Maate tek for hardt i med dette Livsverket mit.

At liva til Gagns det slit og riv,
me starva og stræva saart.
Og det som tidt er vaart beste Liv,
det kostar os Livet vaart.

Men, at døy paa denne Vegen er at døy vel. Derimot er det at døy illt for dei mange, som missa Helsa si for dei gjera forlitet og liva for vel. Og det er truleg likso mange af deim, som døy af det at liva for vel som af det at liva for daarlegt. Rust eter up meir Jern end det, som verdt slitet burt.

Eg kom in paa desse Tankar ved at lesa i Times her ein Dagen om Livet og Barnastellet i some Engelske Fabrik. Bladet segjer bland annat:

„Det er usæle Ting som koma for Dagen i mange af vaare gildaste Fabrik. Det vilde i Sanning forfæla os, om me rett kunde sjaa alt det, Folk maa lida for at gjera aat os some af vaare mest brukelege og dagligdagse Ting. Dersom soleids ein Rakekniv, ein annan Kniv eller ein Gaffel kunde fortelja si Soga om det Rum den var slipad i, om alt det forgiftige Metalmjølet fraa den, som var komet in i Lungune paa Verksmannen, kunde den dette, so vilde me mest