Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

8

D’er leidt, ja leidt at vera slik,
det kan vel vekkja Harming,
naar fyrst du trur at verda rik,
og seer du verdt ein Arming.

D’er leidt, so leidt, eg segja kan,
at Sansen mest eg miste,
daa med min Kunskap ut eg fann,
at andre meire viste.

D’er leidt, ja rett eit Barnaris,
som svider alt aat Aare,
naar fyrst du trur at vera vis,
og finn du er ein Daare.

D’er leidt og tungt, du veit med deg,
at leggja paa seg Taumar.
Men betre er at kjenna seg
en hava falske Draumar.