Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/117

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

113

Dei ero eit godt Publicum kver i sit Slag og dei vekkja Sansen for den og den Kunst. Eg er heller ikke blind for Gagnet af Kunstfolk, som ikke naa det fulle Maal til at vera det i Sanning. Men so maa desse ikke krevja at vera meir, en dei ero, og so maa dei sambinda seg med „Industrien“ for at foredla den og i denne finna si Næring, og ikke ganga der surmulande til Laatt og Armod for seg sjølve og til Ugagn for Landet, som korkje fær Fugl eller Fisk af deim.

Den verste Ulykka i denne utviklad Tid med dette er, at liksom dei fleste Studerande ikke studere for Vitenskapens Skuld men for at koma i ein Næringsveg — just som at ganga i Skræddar- og Skomakarlæra osv. — soleids verda og mange Folk Kunst- og Bokmenn og jamvel Poeter ikke for Tankens Skuld og af indre Drift, men for at „koma fram i Livet“. Naar derfor desse Matprestar ikke koma fram, so er det so rimelegt, at dei larma. „Kalven fekk ikke Høysdotten han bæktad for“. Men, lat desse bli Embættesmenn, eller Handverkarar eller Handelsmenn eller andre Næringsdrivande. Det er deires Kald. Der høyra dei heime. Og kunna dei vera dette med Ære, so Ære vere med deim, og Bitaling, som var deires Maal, den fylgjer daa af seg sjølv. Men Tankens Menn kunna dei ikke vera, sosannt som dei ikke i Likning med Paulus ero Teltmakrar om Notte

8