Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/114

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

110

sine „Bohemer“ eller Taterar). Det er fraa slike Folk dei fleste Klagor koma over dette „steinkastande“ Land.

Det er ei stor Ulykke ved ein eldre „Cultur,“ at den maa dragast med somange af dette Slags Folk. Kjøbenhavn heve nok af deim, som vilja vera Tankefolk utan at vera det, og netop derfor hava store Krav. Desse tala om Kunst og Literatur og skamskjemma Tonen og Tanken i Landet. Her kjem slike Folk stundom herup, og læra norske Folk til at vera likeins. Det er mest so dei daana over „Poesi“ og Maalarstykke og „Kunst,“ og dei tala jamt og samt om at her er so „kaldt heruppe.“ Kvendfolk af dette Slag er, som rimelegt kan vera, dei verste. Det er ein „Affectation“ og ei usjølvstendig Etterlikning af det, dei tru er mønsterværdt, som kan gjera deg reint ør, om du er dømd til at høyra deim. So fara dei til Kjøbenhavn atter og faa Sukkervatten, og so koma dei endaa galnare heimatter. Lat os som eit ungt Samfund halda Huset reint for slikt Utyske, og heller tenkja paa Simla, som velter den nyfødde Reinskalven sin paa Snjofonne for at vigja honom in til sit harde Reinsliv. Døyr han af dette, so maa han vera so uheil skapt, at det er betre difyrr han fær vandra herifraa, for om han ikke stupar i Kappspranget so verdt han ein Sjuking all sin Dag.

Eg skal ellers vera den sidste til at neita, at