106
Og dette trengst somyket meir til i eit litet
Land, der me ikke hava somange andre gode Ting
til at motvega dei vonde. I eit stort Samfund
er mangein Daarskap uskadeleg, som i det mindre
reint vilde skamskjemma det, for dette heve ikke
den aandelege Hærmagt at setja imot. Me Norske
ero so smaae, at me ikke hava Raad til at vera
galne.
Det kan vel henda, at det i ei raa og vill Tid var likso gagnlegt at hava ein aandeleg som ein verdsleg Stormanskap liksovel f. Ex. med jus primæ noctis som med Rett til at banka Folk og taka Landskyld.
Kanhenda Samfundet ikke er komet lenger en til at me turva slike Frifantar (Licenciater); og at derfor, liksom Politikken lærer om Gagnet af Menn med Fyremunar, soleids skulde Moral og Folkeskikk turva slik ei Frifant-Læra. Ja, Meiningane maa vera usams i dette Stykke, afdi eg heve rødt med mange gode Menn, som hava denne Læra. Men so vidt eg kjenner til det, trur eg ikke, at nokot nyare Folk vil vita af slike Frifantar. Eg kjenner idetmindste inkje nyare Bokrike som tolde somyket som jamvel ein æsthetist Frifant, om han ellers i mangt og myket var aldri so gild.
At ellers denne Vant paa Frifant-Grunnsetningar tidt kan sjaa meir „nivellerende“ ut her en i eit større Land, kjem af det her er so trongt,