Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/109

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

105

Folk hjelpa honom med at ryskja up Ukrutet og drepa Ormane, so at berre den gode Næring og dei lækjande Blomar standa atter. Han gjerer ikke Krav paa at hava nokon Husorm, sosannt som han ikke er galen. Det vil segja, han krever ikke at vera Frifant.

Det kan vel henda, at den magrare Jord med den skjeive Sol, som korkje berer lækjande Blomar eller Ukrut men eit rett og slett Bugras, det kan vel henda at denne Fatikmanns Mark tidt kan vera nokot urimeleg mot denne rikare Jord og berre tala om Ukrutet og gløyma Blomane; men i det meste og det beste vil den likevel sjaa med eit halvt Auga til Orm og Ukrut for at koma til Livsens Tre og faa smaka denne Alden (Frugt).

Me maatte vera reine Vanskapningar, dersom me ikke gjerne saag, at me hadde mange og store Folk i Landet. Men me kunna aldri gjeva ifraa os Mønstret for det store og gode, det vil segja, me kunna aldri gjeva Slip paa Idealet utan at koma att’ende til Villmannskapens Nott. Og me kunna aldri gjeva den største Mannen Fribrev paa at vera syndefull og galen, utan at lata Ljos og Myrker renna ihop til eit.

Den „nivellerende Tendents“ og dei „slette democratiske Instincter,“ der verdt tala om er derfor eit sannt og godt „Instinct“ i vaart og kverteit Folk. Det er ei Drift til aandelegt Sjølvuphald.