104
mangt vondt i den Mannen, som me sjaa mangt godt i. Men me gjeva honom inkje Fribrev paa at gjera alt det han vil, for det om han heve gjort aldri so myket godt paa ein annan Kant.
Men „du maa bera over med Geniet“ verdt det sagt.
Nei, det er netup med det, me burde bera mindst over, om me gjorde det rett var. „Den myket er gjevet, af honom verdt der og myket kravt.“ Men me ero so glade i det gode, at me tola myket vondt af det. Det er svagt, men fagert af os dette.
fordi af Elsk so full han var.
Tingen er ellers den, at det sanne Geni eller Flogvit er likso godt, som det er dygtigt. Den velbygde Naturen er heilstøypt. Det er berre desse falske Gudar, som turva Fribrev for Daarskapen sin, og det er likeins dei, som mest krevja dette Fribrev, og fara villt og klagande fram, naar vaar sunne Sans vil halda deim til Folkeskikk. Det er desse som mest klaga over Livet.
Det er vel so, at mangein rik Natur i si raae Tilstand likjest den feite frodige Jord under Solbeltet med Ukrut og Ormar millom all den friske Føda og dei fargande og lækjande Blomar. Men er han, som han bør vera, so vil han vita, at han liver i ein Tankeheim og ikke i eit raatt Naturliv, og at han derfor maa vera glad, naar