Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/100

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

96

bitalar seg „contant“. Det liver ikke paa Borg som Andarlivet.

Denne sama Skræddaren hadde lært ei Slags Gjerd paa Klædom, som han fann var den beste. Men Moden er omskifteleg og mest af alt i Klædebunaden. Denne Skræddaren vilde imidlertid ikke fara etter alle dei urimelege Moder — for urimelege vita me dei kunna vera — Han sagde som so; alle desse Lommer og Kragar og Knappar og Border og side og stutte Liv osv. ero meiningslause, og eg vil ikke nedværdige mi Kunst og Mønstersaks til slike Grillor. Ein Mann, om han er aldri so liten, skal ikke gjera seg til Tenare for Folks Daarskap.

Dette var ideelt, ikke sannt? Men, Livet er ikke altid so. Skræddaren, som sat godt i det, miste sine „Kunder“, den eine etter den andre. Det var mange af desse, som totte vondt om honom og bad, at han, som kunde so godt, vilde laga seg etter Folks Krav. Men han stod paa sit Mønster. Og tilslutt hadde han ikke fleire en nie tie „Kunder“ atter, som fann seg i at Folk flirde aat deires Klædebunad for at halda paa den Mannen, som dei vel stundom smilte aat, men som dei likevel maatte vyrda; og dei skaut saman og gjekk i Borgen for hans Gjeld, daa han gjorde Upbod; for han er ein so ærleg Mann — den eine Dygd fylgjer den andre — at det skar honom i Hjarta,