Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/38

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
BERRE RØSLYNG

Då Gud skapte alt voksterliv, sa han til blomane, lyngen, graset og trei «gakk!»

Alle prøvde dei då å finna den beste vekseplas­sen for seg. Alle vilde dei gjerne veksa, vigjast og syna seg. Difor gjekk kvar til det stellet dei fann den mest høvelege voksterjordi. Nokre av dei stør­ste og av dei vænaste drog åt sudlandi, der lufti er linn og jordbotnen rik. Alle fann dei ut den beste plassen for seg. Her heime sette bjørki seg til i lidi, fura på moi, der soli slapp best til. Grani letta på stakken og drog seg unda inn i dei stille djupe da­lar, der ho fann vatn til sin turre merg og bork. Og so framleies. Gras og blomer vimsa rundt alle stader. Tilsist stod berre røslyngen att, stod der einsam og gruvla. «Kvi gjeng ikkje du med dei hi­ne?» sa Vårherre. «Orsaka meg!» sa han, han blyg­dest og bøygde seg, so han vart krokut. «Eg vilde berre venta og sjå uin det var nokon stad, der ingen vilde gå, og no ser eg der langt uppe i nord og der ute langs med havet, der ligg heiar og fjell, berg­bygde øyar og holmar. Må eg få ganga dit? Eg vil laga jord der, so kann hende andre vokstrar kjem etter og finn livemåte der».