Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/35

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


kjer sjøen sine lange, blanke armar utover mot Op­stadbakken. Dei væne velstelte gardane langsmed Åi og millom dei ymse bugtningar, dei ligg – i den solfylde lufti – i eit einaste smil. Ein lyt sanne med Gunnar: «Fagert er landet!»

Denne siden inneholder en illustrasjon som bør klippes ut og lastes opp til Commons.

FYLKESSKOLEN, SKARNES

I aust, der Glåma kjem breid og mektig, opnar ho utsynet til hovudsoknet, Strøm si fagre grend. Lenger sudvest, der elvi høgjer kring neset, ligg den væne huskrull Skarnes. Høgt framme på neset ser ein den store fylkesskulegarden. Han syner seg høgt over dei hine som den som skal «bringe lys over dalen».

Væne velstelte hagar ved mest kvar heim, og ikring ymse lauvtre.

Bjørki, rein og yndeleg, kledd i gullgul bunad, teiknar seg mot ein endelaus blå himmel, med ho

speglar seg i vatnet og laugar seg i solgull, so det

33