Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/34

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Men den som suterne ikkje hev teke for hardt på, kann erta lukkeleg berre ved å minnast so fa­ger ei tid som denne september (1902). Og vist du i eit liknande høve tek deg ein tur på «Varden», so fær du vita det som du, kann henda, ikkje fyrr hev full greia på: At Odalen er ei fager bygd! Du vert gripen av all vænleik denne fagre grendi eig. «Og det vil hviske i hjertet ditt, ånei, ånei, å er dette mitt!»

Denne siden inneholder en illustrasjon som bør klippes ut og lastes opp til Commons.
SKARNES

Eit herlegt utsyn! Gjenom heile bygdi ligg elvane som velduge sylvbelte med gyldte kantar av lauvtre på kvar sida. – – Ein djupblå stjernestrødd sep­temberhimmel, lauvtunge tre med vatn ikring. Trei og husi på hovudet i vatsspegelen.

Lengst inne i dalsøkket ligg Nord-Odal lunt

kring dei ymse nes og bugter av Storsjø. I sud stre-

32