Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/32

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

umlag aldri; det kjem stilt og går att mest lika stilt som det kom. Det let berre etter seg nokro småe eventyr: Ein båt attmed stovedøra, ein fisk inne i ein bakaromn; han hadde kje hatt «vit til å venda». Ein fiskyngelfangst i kjellaren eller attum husveg­gen, og annet som flyta kann.

Sume huslyder må den tidi flytta ut frå hei­mane sine med folk og fenad, den tid vatnet vert brydsamt nærgåande. Ein gamal ungkar var so heimekjær, at det hende han budde i stova si til des at vatnet stod so høgt upp på golvet, at han berre kunde springa utor sengi og fram på golvet og taka seg eit bad. Roturar utover vollane, mil­lom tre og buskor og millom husi er den tid van­lege eventyrferder.

Ikkje rett so morosamt er det for di dampbå­tane som gjeng i ruta Nord-Odal—Skarnes, når fløtarane tappar inn i åi ei femti tusund tylvter tym­ber. Då vert det ein hard kamp millom båtkarane og tymberstokkane. Vert det for trongt, reiser stok­kane seg ende upp og vil gjeva hine ein under øyro. Men, ura ein stundom må bøgja unda, vinn alltid den klokaste yvertaket. Og båtane og båtkarane kjem alltid fram i rimeleg tid.

– – – Ein familie busette seg tidleg ein vår i Størjebygdi. Dei kom frå ei sjøbygd og sakna her vatn. Der ligg ei stor myr nedst i grendi, og dei ynskte det skulde vore vatn, der myri låg. Ein væn maimorgo vart dei fegne; der lå det ein heil sjø, der det fyrr var myr. Han låg der utsend frå Stor­sjø gjenom ei av dei lange armane hans. Og no var der ei livleg vyrking med fisking og tymber-

30