Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/31

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


HAUST

«Bjerk og asp og older, de feldte hvert et blad og klaget sig at sommeren var omme», syng dei. Men den sumar og haust her skai forteljast um, klaga dei at det ingen sumar hev vore, berre nokre varme dagar kring jonsok. Juli og august berre regn, regn og drypp, drypp frå hustaki og drypp frå trei. Stilla og regn, dag og natt eit ævlegt drypp, dryppe, drypp! So gjeng august inn til federne sine med ei tvo-tri av dei siste dagene sine med berre regn, utruleg sturtregn. Glåma steig fleire meter i høgdi og førde velduge vatsmassor med seg.

Opstadåi går i vanlege tider – frå Storsjø, Nord-Odal og kjem i Glåma ved Skarnes, Sør-Odal. Men i flaumtidi gjer ho vendereisa – gjeng attende frå Glåma til Storsjø. Glåma vert fyldt av vatnet frå snøsmeltinga ned gjenom Austerdalen. Difor vert ho so høg at ho fyller Opstadåi der ho kjem ut i Glåma. Og flat som dalen der ligg, gjer difor åi vendereisa attende til Storsjø. På denne reisa um­daner ho Opstadbakken til eit livlegt landskap, med småe og større innsjøar, der ein kann få seg ein rotur med fisking inn over vollane millom tre og buskor. Skade gjer vatnet – vårflaumane

29