Hopp til innhold

Russetale

Fra Wikikilden
Alb. Cammermeyer,  (s. 152–160).

Russetale.


Før Slaget paa Stiklestad kvad Thormod Skald ei Visa for Hæren som endte med disse Ord:

Vekka eg ydr at vini
ne at vifs runum
helldr vek eg ydr at hordum
Hildar leiki.

Det er: eg vekker dikkon ikke up til at drikka Vin eller skjemta med Kvindfolk, men eg vekker dikkon up til den harde Hildurs Leik.

Det kunde synes underlegt at tala slikt for dikkon, daa de ero vordne Studenter. Men det verdt somange Aar om annat, at det verdt tungt for mange; for Landet heve ikke Ombod for alle, so mangein fær venta og venta og kanske ingenting faa. Landet skulde vera større, so stort som Rusland; daa vardt der Bruk for Alle, endaa det kom heller ikke daa til at vara solenge; for naar ein Næringsveg er framifraa god, so strøyma Alle dit liksom til den beste Plassen for Gullgravning. Det nyttar ingenting at tenkja paa Stopping der. Om her vardt gjort tusen nye Embætt, so stode me der snart atter verre farne en før med fleire og fleire Candidater, som der ikke vardt Rum for. Nei, det maa javna seg sjølv med alt slikt liksom med Frambod og Spurlag (supply and demand) paa ein annan Varemarknad. Det kan henda, at Mange ved detta verdt sitjande lurde med Vara si, som Ingen vil hava. Men, den som er „Speculant“, maa finna seg i den vanlege Marknadsgang.

Men, dette er at gjera Studenterkaldet til eit Matstræv liksom at ganga i Skomakar- og Skræddarlære. Det er vist og so for mange; og Fa’r og Mo’r, som heime sitja, taka det vist og so praktisk; og den som heve ein Kjæraste fær likeins kjenna at Studenterkaldet er praktisk, og likeins den som er skuldig Skræddaren eller Husverten sin, kort det er uendelig praktisk paa tusen Maatar at vera Student. Det er derfor ein Strid, naar det er langt fram til Maaltids.

Men, dette er Prosaen, og Studeuterlivet skulde vera Poesi, idetmindste er det poetisk i Kveld. De ero kloke allesaman og hava lært mange gode Ting; men dette burde ikke vera meir en den javne Uplæring for kver „Bramannsson“. Derfor skulde her vera langt fleire Studenter i Landet en her er. Det er derfor langtifraa at nokon burde klaga over dette store Tal. Men dette er no dei, maa vita, som gjera Studenterlivet til Skolen for ein Næringsveg, eit Handverk. Og det er vel dei fleste.

Men me, Gutar! me sjaa Studenterlivet med Aandens Auga, og me finna daa, at her aldri kunde koma den rette Aand og Tanke in i Landet, solenge Studenten fekk seg eit godt Embætt, sosnart han var færdig. Han gjekk daa burt og gifte seg, ung som han var, og kom in i si gode Stilling og

sveiv og dreiv og sov paa Sænge blandt,
og aat og drak og feitnad som eit Naut;
still Tanken stod, for Munnen hekk ein Laas,
og heile Livet vardt ein Nautebaas.

Ja, mangein god Mann gjekk til Grunns ved slikteit Liv. Og me ero alle veike: kanske me vilde hava gjengjet sama Vegen, om her no ikke hadde voret somange Studenter. Late os ikke gilda os over vaar Tankemagt og friare Syn paa Livet, men tenkja med Sorg paa alle desse, som slikt sov sin siste Svevn i Livsens Dynesæng. Det var Landets Skuld; det maatte hava sine Ombodsmenn, alt til Talet var fullt. Baasane stod tome i Riksens Fehus, og der er somyket af Slarvenaturen i os Alle, at me gjerne vilja koma in i den Havnen. Det er Livets Trong og Armod, som lyt gjera os kloke. Me ero ikke mætare en so, Gu’ naa’s!

Men, no er Dagen upkomen, daa den raudfjødrad Hanen gjeler, som Thormod fyrst sagde i Visa si. Det er underlegt, og det visar med alt den gode Naturen i Folk, at Landet kunde koma so vidt fram, som det heve gjort, daa her var so lett for Studenten at koma fram. Han var den best oplyste i Samfundet, og naar Livet var so lett og leikande for honom, so er det merkjelegt segjer eg, at her kan vera so stor Sans for Vitenskap og Næringsveg, som her er. Og det var dette, som vardt kallad „dei gode Dagar“. Eg vilde heller kalla deim dei „⁴„vonde“. Dei vaaro gode for Mannen men vonde for Landet, ja gode for den Mannen, meinar eg, som ikke verdt plagad af mange Tankar; og daa eg maa tru, at desse, som eg seer her, hava mange og gode Tanker, so maa eg tru, at de (I) vilde kalla desse Dagane „vonde“.

Men no ljosnar det. Den, som no ikke er nokon Bokmann, og det kan henda den beste, han kan legja seg paa Spinning og Veving, fara til England og setja seg in i den og den Slags Fabrik og koma heimatter og skaffe Folk Arbeide og gjera Landet sit og seg sjølv rikt. Og det hjelper, at han er Student. Det var sannt Peer Degn sagde: Latinen er nyttig til mange Ting. Eg vilde ikke missa Latinen min for aldri det var. Vil nokon bli Handelsmann, so lærer han lettare Spraak med Latinkunskapen sin. Og den, som er Student, heve eit Overtak i mange Ting, naar han ellers duger nokot, og det er berre om slike Folk me her tala. Han heve nemlig betre Skolekunskap en dei andre. Og Folk er so kloke, at dei agta og æra Kunskap, naar ellers Mannen er god. Dei sjaa som Blomen up til Sole. Derfor skal ingen trega paa det, om han so ikke kjem in i nokot Landsens Ombod, men verdt Jordbrukare, Sjømann, Handverkare, Handelsmann, Fabrikdrivare eller hot det no er, som me liksomyket trenga til som til Embættesmenn, og som me derfor takka, naar dei gjera si Pligt. Dei fleste af dikkon ero enno so unge, at de kunne slaa in paa hot det skal vera, og de hava i Studentexamen ein Arv, som er ein god Livskapital at begynde med. Skam faa den, som ikke kjem fram med den Arven!

Og so finnst der mange blandt dikkon, som Staten endefram fær Bruk for, naar de berre venta ei Stund. Og daa fær Staten Embættesmenn, som hava tenkt nokot og prøvad Livet. So kunna mange bli Lækjarar og ganga paa eigen Hand her heime, og om her verdt for fullt, fara ut, ut til Hongkong, Australia, Amerika til heile Verde, som no er opnad for Alle. Overalt treng Folk til Doctoren, han fær Takk og Betaling. Han fekk eit Pound for at draga ut ei Tonn i Californien. — Og so kunna some taka Prestlæra og fara til vaare Landsmenn i Amerika. Det er Skam at Folk skal vera so i Beit for Prestar der, naar me her hava so god Raad paa deim her. Det visar at her enno ikke er fullt nok, og at endaa den gode Tid ikke er kome. Og so kunna some fara til Zuluerne og andre Villmenn og vera Missionærer. Er der Aalvor med Prestlæra, so er Mannen urædd, og han slæst med Ormar og ville Dyr og Villmenn. Den, som heve den rette Tru spør aldri etter Skillingen eller etter at hava det makelegt. Han er ein Helt og kan vera ein Martyr. Kan han ikke det, so gjev eg ikke mange Pengar for hans Tru. Og Vorherre, maa eg tru, gjever endaa mindre.

Ah, Gutar! Livet er stort, rikt og endelaust for den, som heve lært og reist nokot. Men, det er sannt, det gjelder om at riva seg laus og koma ut. Det er rimelegt, at Mo’r vil tutra og graata, og den, som heve tenkt paa Kjæraste, lyt venta med den Leiken. Men, den som skriv seg in under Tankens Fane, maa taka mot alt, og han vil som Paulus „omfavne sine Lænker“.

„Er her nokon, som er rædd, so gakk heimatter fyre Slaget,“ sagde den gamle Generalen. Og det sama maa verda sagt til Studenten no i denne gode Tid. Er her nokon, som vil gjera Studenterkaldet til eit Matstræv og lesa til Examen for at faa seg ei Kona, so visar han, at han ikke er skapt for Tankelivet, men bør faa seg ei „Parfümeriboutik“ f. Ex. Kunna me faa det Gode attaat og liksom med paa Kaupet, so er det godt og vel; men det er eit, og at vera ein næringsdrivende Vitenskapsmann nokot annat. Tenk paa ein Matprest f. Ex. og hans Værd i Andarlivet! Ja, ja, de læ, Gutar, og denne Laatten er eit: procul, procul este profani (Fingren af Fatet, Slarven din).

Men, her verdt Strid, og denne vil blandt annat gjera, at me no faa dygtige og omtenkte Folk. „Det gjeng aldri godt i det store,“ verdt det sagt, „medmindre der er so overfyllt, at den dygtigaste i sit Fag maa stræva for at koma fram.“ Eg tenker meg derfor, at baade vore Næringsvegjer verdt betre drivne etter denne Dag, og at me faa betre Vitenskapsmenn. No er det komet solangt, at ein Student maa leggja seg paa det, han finn seg best lagad til. Det kan vara lenge, før ein Mann finn det ut; men naar det er utfunnet, so legg han seg og grundigt paa det, og verdt ein heil Mann. Og skulde han finna ut, at han ikke er lagad til nokonting, so legg han seg likeins grundigt paa det, verdt ein raka Fant; for her verdt ikke no so lett som før at faa seg eit Ombod. Heve han gode Skyldningar, so er det nokot annat; men me tala berre her om det, han sjølv maa gjera.

Ja, so tenker eg meg ein, som legg seg paa Mathematik, og dreg til Paris og liver der, og verdt navnkunnig over den heile Jord. So er det ein, som heve Gaavor til at skriva og dikta; so lærar han Engelsk og dreg til Amerika eller Australien og verdt ein engelsk Literat, eller ein fransk eller tysk. Hadde eg voret yngre, so hadde eg gjort dette og kanske eg gjerer det enno. Det er som med Maalaren og Spilemannen dette. Ein Historiker kan gjera det sama, kort kver ein Vitenskapsmann likso vel som ein Kunstmann. Ingen er innestengd, men heve heile Verde for seg. Kunskapen frigjerer os og gjev os Magt til at driva denne Frigjering igjenom. Og me elska ikke vaart Fødeland mindre for dette. Heve Fødelandet Bruk for os, so godt og vel; det heve det fyrste Kravet paa os, og me vilde vist Alle helst tena det. Men eit litet Land kan ikke hava Bruk for somange lærde og kloke Menn. Me maa føra ut af den Vara. Det er vaar Overflod. Og dette klaga Folk over!

Det er paa denne Maaten vaar Vikingskap skal livna upatter! Eg vardt glad og stolt over mit Folk eingong eg i England høyrde, at ein Mann hadde raakad ein Gudbrandsdøl som Markør ved ein Billard i Peru! „Ja, der seer du,“ sagde eg, „at vaar gamle Aand for Eventyr og Utferd ikke er uddøydd, som de synes at meina. Me hava mange slike; me hava jamvel ein Candidat, som no er Officer ved den Indiske Armee.“

Paa denne Maaten kunna me og faa rike „Onkler“, som gjera at tvo unge Elskande kunna koma ihop liksom paa Theatret og i Romaner. Tenke seg at vera ein slik Onkel! Eit Menneske maa ofras, for Livemaaten kjem ikke af seg sjølv, han heller. Og so er det daa betre, at den Gamle gjeng til Kost, en at Elsken skulde slaa nokot af. Og so seer det ut, som at Elsken vann Siger likevel.

Naar me no faa spyrja fraa framifraa dygtige Nordmenn, som ero Vitenskapsmenn og annat gildt utover den heile Jord, og me so hava fullt up af slike her heime, daa skulle me vel vera storlaatne! Og daa vilja me takka for, at her verdt so manntykt, at me verdt nøydde til slikt at bruka os. Daa koma me til at sjaa, at denne Stridens Tid var den gode Tid. Men, som Thormod sagde, det er ikke Tid til at drikka Vin og skjemta med Kvindfolk. Me faa god Raad til at gjera alt det og, naar me strida godt og ikke falla i Slaget.

Hurra, for alle desse hundrad og om det so var tusen Russar!