Rikets tilstand 2003

Fra Wikikilden
MELDING FRÅ KONGEN
TIL STORTINGET
OM NOREGS RIKES TILSTAND OG STYRING
I TIDA ETTER SISTE MELDING
Melding frå Kongen til Stortinget
om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Vi HARALD, Noregs Konge

stadfester:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Regjeringa har også i år teke aktivt del i den internasjonale kampen mot internasjonal terrorisme og i arbeidet for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Noreg har som ledd i den breie internasjonale koalisjonen mot terrorisme gjort bruk av både politiske, økonomiske, juridiske og militære verkemiddel. Høgnivåkonferansen, som nyleg vart halden i New York, og som Noreg tok initiativet til, viste at ein også rettar søkjelyset mot dei underliggjande årsakene til terrorisme.

Regjeringa har gitt høg prioritet til utviklingssamarbeidet i tråd med handlingsplanen for kampen mot fattigdom i sør. Regjeringa har arbeidd aktivt internasjonalt for å verkeleggjere FNs tusenårsmål. I 2003 er bistanden fastsett til 0,93 pst. av forventa bruttonasjonalinntekt. Regjeringa la i januar fram ein strategi for satsing på utdanning i bistanden. Bistanden til helse og hiv/aids er ført vidare på høgt nivå. Eit arbeid er sett i gang for å klargjere korleis norsk politikk på ulike område påverkar fattige land. Ein har gått igjennom forvaltninga av norsk utviklingshjelp med sikte på modernisering og effektivisering.

Regjeringa har ført ein aktiv europapolitikk for å ivareta norske interesser i eit utvida EU og EØS. Ein er blitt samd med EU om vilkåra for å utvide EØS til også å omfatte dei nye medlemslanda i EU. Noreg vil vidareføre og auke det økonomiske bidraget for å sikre at skilnadene i velferda i eit utvida EØS blir utjamna. Den europapolitiske plattforma til Regjeringa er følgd opp for å betre informasjonen om og bidra til ein brei debatt om EU- og EØS-spørsmål her heime.

FN-toppmøtet for berekraftig utvikling i Johannesburg sette fokus på samanhengen mellom dårleg miljø og global fattigdom. Regjeringa har i 2003 gitt høg prioritet til oppfølginga av toppmøtet, både innanfor utviklingssamarbeidet og i internasjonale forhandlingar om miljø og berekraftig utvikling. Eit resultat av innsatsen er at Noreg har fått formannsvervet i FN-kommisjonen for berekraftig utvikling. Gjennom arbeidet med Nasjonal Agenda 21 har Regjeringa førebudd også den norske oppfølginga.

Regjeringa la i mars fram ei stortingsmelding om Noregs deltaking i Tryggingsrådet i FN der det mellom anna vart skissert korleis ein vil føre vidare prioriteringane frå arbeidet i Rådet.

Hausten 2002 samla Tryggingsrådet seg bak resolusjon 1441 som stadfesta og forsterka FNs årelange og bindande krav overfor Irak. Etter at det oppstod usemje om oppfølginga av resolusjonen og ein koalisjon leidd av USA, okkuperte Irak, har Regjeringa arbeidd for at FN får ei sentral rolle i den internasjonale bistanden og den politiske prosessen fram mot eit demokratisk valt styre i landet. Noreg har i 2003 gitt omfattande humanitær bistand til Irak, mellom anna til minerydding, tiltak for betra vassforsyning og støtte til ei levekårsundersøking i regi av FNs utviklingsprogram. Det norske ingeniørkompaniet, som er knytt opp til den britisk-leidde divisjonen av stabiliseringsstyrken, har gjort ein viktig humanitær innsats innanfor minerydding og uskadeleggjering av udetonerte eksplosiv.

Regjeringa har gitt omfattande humanitær hjelp til Afghanistan og samtidig auka stønaden til overgangsregjeringa og bistanden til den meir langsiktige gjenoppbygginga. Noregs militære bidrag i form av jagarfly og spesialstyrkar har særleg vore knytt til dei militære operasjonane i kampen mot terroristnettverka i landet. Noreg har også auka bidraget til den fleirnasjonale tryggingsstyrken, ISAF.

Den økonomiske politikken til Regjeringa er basert på retningslinjer for ei forsvarleg gradvis innfasing av oljeinntektene i økonomien. Politikken skal samtidig bidra til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. I tråd med dette la Regjeringa i mai fram eit revidert budsjett. Handsaminga i Stortinget førte ikkje til vesentlege avvik frå framlegget frå Regjeringa til bruk av oljeinntekter i 2003.

Noregs Banks styringsrente, foliorenta, er pr. 18. september 2003 på 2,5 pst. Det er 4,5 prosentpoeng lågare enn på same tid i fjor. Sidan desember i fjor er renta blitt redusert sju gonger.

Lågare rente har medverka til at kronekursen er svekt monaleg sidan årsskiftet. Målt med konkurransekursindeksen var kursen i første delen av september 8,9 pst. svakare enn i september i fjor.

Den relativt svake veksten i norsk økonomi den siste tida har ført til ei svekking av arbeidsmarknaden. Det har gitt lågare sysselsetjing, særleg i konkurranseutsette næringar. Sesongkorrigert var det registrert 4,0 pst. arbeidsledige ved utgangen av august.

Yrkesdeltakinga i Noreg er blant dei høgaste i verda. I fjor var 73,5 pst. av alle nordmenn mellom 16 og 74 år i arbeid eller søkte arbeid. Det var likevel ein nedgang i yrkesdeltakinga i 1. halvår i år samanlikna med den same perioden i fjor.

Ein sentral del av den økonomiske politikken til Regjeringa er å redusere skatte- og avgiftsnivået. Det er i 2002 og 2003 vedteke skatte- og avgiftslette på til saman 19,4 mrd. kroner.

Den reelle veksten i inntektene i kommunesektoren i 2003 vart i Revidert nasjonalbudsjett rekna til vel 2 pst., eller om lag 4 mrd. kroner.

I kommuneproposisjonen for 2004 fremma Regjeringa ei rekkje tiltak for å styrkje lokaldemokratiet og auke den lokale handlefridommen. Det lokale sjølstyret skal styrkjast gjennom desentralisering av oppgåver, avgjerdsmakt og ansvar, innlemming av øyremerkte tilskott i rammetilskottet og forenkling av regelverk og rapporteringskrav. Slik maktspreiing gjer at borgarane i større grad får ta del i avgjerdene.

Stortinget har slutta seg til framlegget frå Regjeringa om å setje inn verkemiddel for eit innovativt og nyskapande næringsliv. Det er vedteke at det skal opprettast ei ny eining for innovasjon og internasjonalisering basert på verkemidla i dagens SND, Norges Eksportråd, Norges Turistråd og Statens rettleiingskontor for oppfinnarar.

Regjeringa har oppretta Møysalen nasjonalpark og utvida Femundsmarka, Stabbursdalen, Øvre Pasvik og Børgefjell nasjonalparkar. Det er oppretta 18 nye landskapsvernområde og 180 nye naturreservat. Ikkje tidlegare er det på eitt år verna meir norsk natur.

Gjennom handsaminga av stortingsmeldinga om statlege tilsyn slutta Stortinget seg til vedtaket i Regjeringa om å flytte åtte statlege tilsyn frå Oslo. Regjeringa la stor vekt på at lokaliseringsvedtaka skulle ha ein heilskapleg og balansert profil, samtidig som ein bygde på det spesielle kompetansemiljøet og andre sterke sider som kjenneteiknar dei enkelte regionssentra.

Stortinget har handsama stortingsmeldinga om folkehelsepolitikken, som vart lagd fram i januar. Meldinga dreg opp nye strategiar for dei neste 10 åra.

Regjeringa har lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg om ei ny lov om matproduksjon og matsikring som skal avløyse dei 13 lovene ein har i dag. Regjeringa har arbeidd vidare med organiseringa av den offentlege matforvaltninga.

Regjeringa la hausten 2002 fram ein tiltaksplan mot fattigdom. Innsatsen i 2003 omfattar mellom anna arbeidsretta tiltak for langtidsmottakarar av sosialhjelp og innvandrarar, styrking av oppfølgingstenester for bustadlause og målretta forbetringar i stønadsordningane.

Med verknad frå 1. juli har sjølvstendig næringsdrivande fått rett til svangerskapspengar på tilsvarande vilkår som arbeidstakarar.

Regjeringa la i april fram ei stortingsmelding om barnehagefinansiering og ein odelstingsproposisjon om endringar i barnehagelova. Handsaminga i Stortinget av desse har ført til eit breitt forlik om barnehagepolitikken. Forliket skal sikre barnehageplass til alle og redusert foreldrebetaling. I 2002 vart det etablert nye barnehageplassar til 5 600 barn. Det er dobbelt så mange nye plassar som året før.

Ny lov om frittståande skolar er vedteken. Ho kjem i staden for nogjeldande privatskolelov og opnar for godkjenning av eit større mangfald av grunnskolar enn tidlegare.

Regjeringa har teke initiativ til ei reform av trusopplæringa, som Stortinget i hovudsak har slutta seg til.

*********

Regjeringa legg vekt på at FN er ein hjørnestein i norsk utanrikspolitikk og at organisasjonen har den globale hovudrolla i arbeidet for fred, tryggleik og utvikling.

Regjeringa har for å møte utfordringane frå grenseoverskridande kriminalitet teke aktivt del i dei delane av justis- og politisamarbeidet innanfor EU som Schengen-avtala gir høve til.

Regjeringa har arbeidd for å få etablert ein strategisk partnarskap mellom EU og NATO og gode deltakarrettar i forhold til EU for dei allierte landa som ikkje er medlemmer av EU. I mars overtok EU NATO-operasjonane i Makedonia. Dette er EUs første militære operasjon med bruk av NATO-ressursar, og Noreg tek del i operasjonen.

Regjeringa har også ført ein aktiv europapolitikk gjennom Europarådet og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE).

Regjeringa har teke aktivt del i arbeidet med å tilpasse NATO til å møte dei nye tryggingstruslane. Det blir gjort både ved å styrkje den militære evna til alliansen og ved ei omlegging av den militære kommandostrukturen. Noreg har også støtta opp om utvidinga av alliansen og har hjelpt dei inviterte landa i førebuingane til medlemskap. Det har gjort sitt til å styrkje det viktige transatlantiske sambandet. Det allierte Joint Warfare Centre (JWC) som er lagt til Jåtta i Stavanger, har ansvar for utvikling av doktrinar og operasjonskonsept, planlegging, trening og øving innanfor alliansen.

Regjeringa har arbeidd aktivt for å fylle det nye samarbeidsforumet mellom NATO og Russland med konkret innhald. Regjeringa tok initiativet til å opprette ei eiga arbeidsgruppe for sivil beredskap og har arbeidd for at NATO-Russlandrådet også skal samarbeide om atomtryggleik i nordområda.

President Putins offisielle besøk i Noreg i november la eit godt grunnlag for å vidareutvikle det breie samarbeidet med Russland. Markeringa av 10-årsjubileet for opprettinga av Barentsregionen i januar streka under kor stor vekt både Noreg og Russland legg på det regionale samarbeidet i nord. Etter fleire år med forhandlingar skreiv ein i mai under ei rammeavtale som opnar for eit breitt internasjonalt samarbeid om å løyse atom- og miljøproblema i nord.

Forsvarssamarbeidet med Russland har også utvikla seg positivt det siste året. Ei omfattande felleserklæring som skisserer samarbeidet innanfor ei rekkje felt er underskriven.

Regjeringa har vidareført arbeidet for stabilitet og utvikling på Balkan og stør arbeidet med vidare integrering av landa i regionen i det euroatlantiske samarbeidet. Regjeringa har også auka innsatsen i Moldova, Kaukasus og Sentral-Asia.

Noreg har teke aktivt del i den nye forhandlingsrunden i verdshandelsorganisasjonen, WTO, der siktemålet er å styrkje det internasjonale handelssystemet og å sikre meir rettferdige internasjonale handelsvilkår.

Noreg har halde fram med sin aktive innsats for fred og konfliktløysing i Afrika, der Afrikas Horn har vore eit særleg sentralt innsatsområde. I samarbeid med mellom anna USA og Storbritannia har Regjeringa teke aktivt del i fredsprosessen i Sudan.

Noreg har halde fram med engasjementet som tilretteleggjar for fredsprosessen på Sri Lanka.

Noreg har protestert overfor det burmesiske militærregimet etter arrestasjonen av opposisjonsleiaren Aung San Suu Kyi og stenginga av kontora til opposisjonen. Regjeringa har vedteke ei forskrift om særlege tiltak mot Burma. I tillegg blir støtta til FNs arbeid med å bruke humanitær bistand som plattform for ein mogleg framtidig dialog mellom partane ført vidare.

Regjeringa har ført vidare engasjementet i arbeidet for fred i Midtausten og lagt særleg vekt på å bidra til å setje i verk vegkartet for fred, reform av den palestinske sjølvstyrestyresmakta og bistand til palestinarane.

Den internasjonale straffedomstolen er no fullt operativ etter valet av dommarar og hovudaktor våren 2003.

Regjeringa har i perioden arbeidd aktivt for å fremje Noregs omdømme i utlandet. Målretta informasjonsarbeid, profileringstiltak og kultursamarbeid har synt seg å vere effektive verkemiddel i dette arbeidet.

Regjeringa la i mars fram ei stortingsmelding om globalisering. Meldinga tek for seg forhold som er viktige for Noreg og for verdssamfunnet.

Cartagena-protokollen om genmodifiserte organismar (GMO) er no ratifisert av 50 land og tok til å gjelde 11. september 2003.

På det siste partsmøtet under Klimakonvensjonen var Noreg pådrivar i arbeidet for eit meir ambisiøst klimaregime og for at andre industriland skal ratifisere Kyotoprotokollen om utslepp av klimagassar.

Regjeringa har i 2003 trappa ytterlegare opp innsatsen for å stanse utsleppa av TC-99 frå Sellafield. På britisk side er det no vedteke å innføre utsleppsstans i ni månader.

Regjeringa hadde ei aktiv rolle i førebuingane og gjennomføringa av FN-konferansen «Miljø for Europa» i Kiev i mai.

Miljøverndepartementet har sett i gang arbeidet med å opprette ein heilårsbase i Antarktis. Basen, som vil stå ferdig i 2005, vil styrkje Noregs rolle i Antarktis-samarbeidet.

Ved utgangen av 2002 var verdien av Statens petroleumsfond 609 mrd. kroner. Marknadsverdien av fondet har sidan auka med 166 mrd. kroner fram til utgangen av 2. kvartal 2003. Av denne auken er 66 mrd. kroner overføring til fondet.

Noregs bruttonasjonalinntekt var i 2002 på 1 525 mrd. kroner. Det er ein reell nedgang på 0,7 pst. frå 2001.

Verdiskapinga i Fastlands-Noreg, målt ved bruttonasjonalprodukt i faste prisar, auka med 1,3 pst. i fjor i følgje førebels nasjonalrekneskapstal. Verdiskapinga auka innanfor primærnæringane, bygg og anlegg og innanfor tenesteytande næringar, medan det var nedgang i industrien. Det var ei noko svakare utvikling i samla BNP enn i fastlands-BNP i 2002 på grunn av svak utvikling innanfor oljeverksemda og utanriks sjøfart.

Konsumprisindeksen steig med 1,3 pst. i 2002. Prisveksten var 2,3 pst. korrigert for avgifter og utanom energi. Etter dei åtte første månadene i år var auken i konsumprisane på 3,0 pst. samanlikna med same periode i fjor, medan korrigert for avgifter og utanom energi var auken på 1,3 pst.

Driftsbalansen overfor utlandet viste eit overskott på 97,9 mrd. kroner i første halvår i år, om lag 9 mrd. kroner lågare enn i same perioden i fjor. Noregs nettofordringar overfor utlandet auka med om lag 148 mrd. kroner første halvår i år og er rekna til 925 mrd. kroner.

I 2002 var nettoproduksjonen av olje, gass og våtgass i Noreg på 258,7 mill. Sm³ oljeekvivalentar (oe). Olje stod for nærare 70 pst. av volumet. Produksjonen i 2002 var 2,5 pst. høgare enn i 2001. I dei første månadene i år har samla produksjon vore noko høgare enn i den tilsvarande perioden i 2002. Auken, både i 2002 og hittil i år, skuldast at gasseksporten har auka. Oljeproduksjonen er redusert noko i perioden.

Verdien av olje- og gasseksporten var i 2002 på drygt 280 000 mill. kroner. Det er noko lågare enn i 2001. Netto kontantstraum til staten frå petroleumsverksemda var i fjor på 169 000 mill. kroner.

I 2002 var gjennomsnittleg oljepris 25 USD/fat. Ved sida av OPECs tilbodsregulering har krigen i Irak og streik i oljeindustrien i Venezuela medverka til høgare prisar inneverande år.

Oljedirektoratet la i juni 2003 fram oppdaterte overslag for dei uoppdaga petroleumsressursane våre. Også potensialet som kan realiserast gjennom auka utvinning vart gjennomgått på nytt. Dei totale ressursane som kan utvinnast, er no rekna til 12,8 mrd. Sm³ oe, ei nedjustering på om lag 1 mrd. Sm³ oe.

I Nordsjø-tildelingane 2002 vart til saman 11 blokker tildelt 10 selskap. For å forenkle og auke effektiviteten i tildelingane vart det introdusert ei ordning med faste, på førehand definerte leiteområde. Ordninga erstattar dei årleg Nordsjø-tildelingane.

Konsekvensutgreiinga om heilårig petroleumsverksemd i dei nordlege havområda frå Lofoten og nordover er send på høyring.

1. januar 2003 tok nye forskrifter om prinsipp for tilgang til gassrørleidningar og for tariffastsetjing til å gjelde. Samtidig vart størstedelen av det norske gasstransportsystemet samla i ein felles eigarstruktur, Gasled.

Elektrisitetsforsyninga vart i 2002 prega av at det var relativt stort tilsig til kraftmagasina både i Noreg og Sverige i første halvår og svært lite tilsig i andre halvår. Det førte til låge prisar på elektrisitet på den nordiske marknaden fram til ut på hausten 2002. Då steig prisane kraftig på kort tid. Perioden med høge prisar varte til slutten av januar 2003, men også resten av vinteren og våren 2003 heldt elektrisitetsprisane seg godt over det nivået som har vore vanleg dei seinare åra. På bakgrunn av den vanskelege situasjonen i kraftmarknaden sette Regjeringa vinteren 2002/2003 i verk ekstraordinære tiltak.

Samla vart elektrisitetsproduksjonen i 2002 130,6 TWh. Brutto elektrisitetsforbruk var 120,9 TWh. Det siste året er det gitt konsesjon for vasskraftprosjekt med ein gjennomsnittleg produksjon på om lag 0,8 TWh. Sauda-utbygginga er det største av prosjekta med ein produksjon på om lag 0,5 TWh. Vidare har dei midlane som er disponerte av Enova, utløyst om lag 0,9 TWh fornybar varmeproduksjon, energisparing og vindkraftproduksjon.

Forsvaret har i 2003 ført vidare ein svært omfattande og krevjande omstillingsprosess. Omstillingsprosessen er i rute. Forsvarssjefen og dei strategiske funksjonane hans vart integrerte i Forsvarsdepartementet frå 1. august. Forsvarets overkommando (FO) vart lagd ned frå same dato, samtidig som Forsvarsstaben (FST) vart oppretta til støtte for forsvarssjefen i hans rolle som etatssjef.

Ny nasjonal operativ kommandostruktur vart etablert 1. januar 2003 med Forsvarets operative hovudkvarter (FOHK) i Stavanger og to landsdelskommandoar, ein i Trondheim og ein på Reitan utanfor Bodø.

Regjeringa har gjort vedtak om at ein skal inngå kontrakt for kjøp av Skjoldklasse missiltorpedobåtar til Sjøforsvaret.

Grensevakta i Finnmark har fått større overvakingskapasitet i 2003.

I november vart Statseigarskapsutvalet oppnemnt. Utvalet har som mandat å gå grundig igjennom korleis staten organiserer og forvaltar eigarskapen.

I juni vart årsmelding for statleg eigarskap 2002 lagd fram.

Staten selde i juli 270 millionar aksjar i Telenor til ein aksjekurs på kroner 29,50. 20 millionar av aksjane vart kjøpt av private personar i Noreg. Etter salet eig staten 62,6 pst. av aksjane i Telenor.

I oktober la Regjeringa fram handlingsplanen «Et enklere Norge: Forenkling og tilrettelegging for næringslivet», med strategi og 122 konkrete tiltak. Planen har seinare fått lovord frå OECD.

I juni vart den nye organisasjonen Standard Norge formelt stifta. Organisasjonen er ei samanslåing av Norges Standardiseringsforbund, Norsk Allmenn-standardisering, Norges Byggstandardiseringsråd og Norsk Teknologisenter.

Næringa sjøtransport sysselset om lag 26 000 personar og omset for om lag 109 mrd. norske kroner. Av dette står utanriks sjøfart for 101 mrd. norske kroner og 17 000 sysselsette. Talet på skip i den norske handelsflåten vart redusert med om lag 2 pst. i perioden 2001 til 2002. Vidare fann det stad ein liten auke i talet på skip som er registrerte i Norsk Internasjonalt Skipsregister. Talet på skip som er registrerte i Norsk Ordinært Skipsregister, vart redusert med 4 pst. i perioden. Rekna i tonnasje er nedgangen på 10 pst. frå 2001 til 2002.

Regjeringa følgjer aktivt opp eNoreg 2005 og har mellom anna lagt fram to tilstandsrapportar om utviklinga av informasjonssamfunnet. I februar la Regjeringa fram ein strategi for IKT i offentleg sektor.

I september la Regjeringa fram ei stortingsmelding om breiband. I meldinga blir det lagt vekt på kor viktig breiband er for næringsliv og offentleg sektor.

Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for informasjonstryggleik. Formålet er å auke tilliten til elektroniske tenester og stå betre rusta til å møte både små og store angrep mot norske IT-system.

Regjeringa har i samarbeid med daglegvarebransjen arbeidd med tiltak for å gjere forsyningssystema meir robuste, med særleg vekt på Nord-Noreg. Regjeringa har arbeidd med ei modernisering av systemet for statleg varekrigsforsikring, for framleis å kunne sikre varer under transport i krisesituasjonar. Lovforslaget vart lagt fram for Stortinget i juni.

Nærings- og handelsdepartementet la i juni fram ein rapport, «EUs Lisboa-strategi – hva gjør Norge?», som gjer greie for kva relevans strategien har for Noreg og arbeidet til Regjeringa på dei områda som er omfatta av strategien.

Statens vegvesen er omorganisert med verknad frå 1. januar 2003. Omorganiseringa fører til eit klart skille mellom styringsoppgåver og produksjonsverksemd og større effektivitet i utføringa av oppgåver. Produksjonsverksemda er skilt ut i eit eige selskap, Mesta AS. Forvaltningsdelen er organisert i fem regionar som er lokaliserte til Lillehammer, Arendal, Leikanger, Molde og Bodø.

Luftfartsverket vart frå 1. januar 2003 omdanna til aksjeselskapet Avinor AS med sikte på å gi verksemda eit klarare økonomisk ansvar og større handlefridom.

Flytrafikken målt i talet på passasjerar som har komme og reist over norske lufthamner, viste i 2002 ein nedgang på 2,8 pst. samanlikna med 2001. Innanrikstrafikken fall med 4,9 pst. Trafikk til og frå utlandet gjekk opp med 5,5 pst. I første halvår 2003 har flytrafikken vist ein aukande tendens.

For å betre tryggleiken for helikoptertransport på kontinentalsokkelen er det under leiing av Luftfartstilsynet oppretta eit breitt samansett samarbeidsforum for helikoptertryggleik.

Eigarskapen til Flytoget AS vart overført frå NSB AS til Samferdselsdepartementet frå 1. januar 2003. Det er i 2003 gitt løyving til å setje i gang utbygging av eit lukka mobiltelefonisystem, GSM-R, på Nordlandsbanen for å sikre kommunikasjonen på strekninga Bodø - Rognan.

I 2002 vart 12 395 personar skadde og 310 drepne som ei følgje av 8 724 vegtrafikkulykker. Det er 35 fleire omkomne enn i 2001. Men talet på omkomne pr. første halvår 2003 er lågare enn gjennomsnittet for dei siste ti åra. Førebels tal viser at 2 personar omkom i jernbane- og tunnelbaneulykker i 2002 og 2 personar omkom i luftfartsulykker. Regjeringa legg i det langsiktige trafikktryggingsarbeidet til grunn ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller livsvarig skadde.

For å auke trafikktryggleiken er det blant anna innført obligatorisk innføringskurs i føraropplæring frå 1. juli. Det er vidare vedteke å innføre prikkbelastning av førarkortet. For 2002–2003 er det satsa sterkt på rassikring.

Det er gjennomført tiltak langs veg- og jernbanenettet for å redusere støyplagene. Lokal og regional luftforureining frå vegbruk er også redusert som følgje av mindre bruk av piggdekk og fornying av kjøretøyparken.

Det er våren 2003 sett ned ei ekspertgruppe som skal gi råd om korleis Noreg best kan bidra til å skunde på bruk av hydrogen og nullutsleppsteknologi i transportsektoren. I juni sette samferdselsministeren og olje- og energiministeren ned eit nasjonalt hydrogenutval som skal fastsetje mål og tiltak i eit større nasjonalt hydrogenprogram.

Regjeringa har aktivt følgt opp stortingsmeldinga om betre kollektivtransport. Friare etableringsrett for ekspressbussruter er innført for heile landet.

Det er våren 2003 vedteke endringar i postlova med verknad frå 1. juli. Endringane gjeld gradvis innskrenking av einerettsområdet til Posten Norge AS, utan at det er sett ein dato for når postmarknaden skal vere fullt ut liberalisert.

Konkurransen i telemarknaden aukar, men er framleis ikkje tilfredsstillande. I juni vedtok Stortinget ny lov om elektronisk kommunikasjon som avløyser telelova. Den nye lova tok til å gjelde i juli.

Regjeringa har lyst ut auksjonar for dei to ledige 3G-mobilkonsesjonane.

Det er forhandla fram ei jordbruksavtale mellom staten, Norges Bondelag og Norges Bonde- og Småbrukarlag innanfor ramma av det inntektspolitiske samarbeidet. Regjeringa la fram ein proposisjon om avtale som Stortinget slutta seg til.

Stortingsmeldinga om dyrehald og dyrevelferd vart handsama i Stortinget i juni. Stortinget slutta seg i hovudsak til dei forslaga som Regjeringa hadde fremja.

Regjeringa la i mai fram ein odelstingsproposisjon med framlegg til ny lov om konsesjon ved kjøp av fast eigedom. I lovforslaget gjer ein mellom anna framlegg om å heve arealgrensa etter gjeldande lov til 100 dekar når ikkje meir enn 20 dekar av desse er fulldyrka mark.

Reguleringane av fisket er forenkla, m.a. ved auka bruk av samlekvotar. Det gjer at ein i større grad veit kva reguleringane går ut på og at forholda blir lagde betre til rette for at fiskarane meir enn før kan ha fokus på kvalitet framfor kvantum.

Arbeidet med å betre driftsvilkåra for fiskeflåten er ført vidare for å betre lønnsemda for fartøya og skape grunnlag for fornying. Ordninga med einingskvotar er innført for nesten alle grupper innanfor havfiskeflåten. Stortinget har handsama stortingsmeldinga om strukturtiltak i kystfiskeflåten.

For å bidra til å byggje opp igjen torskebestanden i Nordsjøen er det innført strenge reguleringar for kven som får delta i fisket etter torsk i Nordsjøen og korleis det skal drivast.

Noreg har etter avtaler som er inngått med Russland, EU, Færøyane og Island, fått auka sin del av totalkvoten av norsk vårgytande sild.

Som ledd i arbeidet med rømmingssikrande tiltak i oppdrettsnæringa vart det i august 2003 fastsett eiga forskrift om krav til teknisk standard for anlegg og utstyr som blir nytta i oppdrettsverksemda.

Regjeringa har styrkt innsatsen i utviklinga av torskeoppdrett ytterlegare, og det er i år gjort viktige framsteg med omsyn til stabil storskalaproduksjon av torskeyngel og settefisk i oppdrett.

Nedgangen i eksportverdien av fisk og fiskeprodukt heldt fram også i 2002. I 2002 utgjorde eksportverdien 28,7 mrd. kroner, som er ein nedgang på 1,9 mrd. kroner i forhold til året før.

Havressurslovutvalet vart nedsett våren 2003. Utvalet skal revidere nogjeldande saltvassfiskelov frå 1983 og vurdere korleis verkeområdet for lova kan utvidast til å omfatte forvaltning av marine organismar generelt.

Det rådgivande utvalet for marin verneplan overleverte framlegget sitt i februar i år.

I august 2003 vart det nye havforskingsfartøyet «G.O. Sars» sett i ordinær drift.

Fleire korallrev i havområda våre er no verna ved lov for å hindre at desse strukturane, som økologisk er svært viktige, blir øydelagde. Tidlegare i år vart det største av desse djuphavskorallreva, Røstrevet, verna.

Regjeringa har samla det organisatoriske ansvaret for oljevernberedskapen i Fiskeridepartementet og Kystverket.

Regjeringa arbeider aktivt for å styrkje tryggleiken langs kysten. Det er sett i gang ein anbodsrunde for innleige av to beredskapsfartøy som skal plasserast i Finnmark. Det er halde møte med det russiske transportministeriet for å vidareutvikle det tosidige samarbeidet på sjøtryggleiks- og oljeberedskapsområdet. På grunnlag av behandlinga av proposisjonen om tilleggsløyvingar og omgrupperingar i statsbudsjettet for 2003 er det vedteke å byggje ein trafikksentral for Nord-Noreg i Vardø.

Stortinget har slutta seg til framlegget frå Regjeringa om å utvide territorialgrensa frå 4 til 12 nautiske mil, og eit framlegg om påbodne seilingsleier er sendt ut på høyring.

Regjeringa la i januar i år fram den første norske sivile radionavigasjonsplanen som gjer greie for status og planar for utbygging og bruk av radionavigasjon i transport og andre samfunnssektorar.

I forhandlingane mellom staten og Norges Fiskarlag hausten 2002 om støttemidlar til fiskerinæringa vart dei to avtalepartane samde om ei økonomisk ramme på 70 mill. kroner.

Lønnsoppgjeret 2003 vart eit mellomoppgjer. I oppgjeret mellom LO-NHO og YS-NHO vart det semje om ikkje å gi generelle sentrale tillegg, men det vart gitt tillegg til enkelte lågtlønnsgrupper. I oppgjera i staten og områda til Kommunenes Sentralforbund vart det heller ikkje gitt tillegg.

I drøftingane om pensjonsreguleringa vart ikkje staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Norge einige om reguleringa av grunnbeløpet i folketrygda frå 1. mai 2003, og grunnbeløpet vart fastsett av Stortinget.

Det er frå 1. juli 2003 inngått nye avtaler om basisgodtgjersle, driftstilskott og takstar for privatpraktiserande legar, fysioterapeutar og psykologar.

Regjeringa sin handlingsplan for styrking av konkurransepolitikken er vidareført i 2003.

I juni la Regjeringa fram ei stortingsmelding om gransking av forholda som pionerdykkarane i Nordsjøen arbeidde under. Meldinga legg til grunn at pionerdykkarane, som gjorde eit banebrytande arbeid i Nordsjøen frå 1965 til 1990, skal få den oppreisinga og økonomiske kompensasjonen dei fortener. Samtidig med at stortingsmeldinga vart lagd fram, vart det sett i verk strakstiltak overfor tidlegare nordsjødykkarar.

Aetat er styrkt og effektiviteten i arbeidsmarknadspolitikken er betra gjennom endringar i dagpengeregelverket, forsøk med nye finansieringsformer og auka bruk av konkurranse mellom private aktørar.

Som ein del av oppfølginga av framlegget frå Sandman-utvalet vedtok Stortinget i april framlegget frå Regjeringa om endringar innanfor området for arbeidsmiljølova. Som følgje av at EU-direktivet om forbod mot diskriminering i arbeidslivet pga. etnisitet, alder, seksuell legning, funksjonshemming m.m. vart sett i verk, vart det lagt fram forslag om endringar i arbeidsmiljølova i juni 2003.

Regjeringa har følgt opp intensjonsavtala om eit meir inkluderande arbeidsliv mellom partane i arbeidslivet og styresmaktene. Nærare halvparten av dei yrkesaktive i Noreg arbeider no i verksemder som har slutta seg til avtala.

Eit offentleg utval la i desember i fjor fram ein rapport om korleis regelverket for meirverdiavgift kan endrast slik at det verkar nøytralt for vedtak i kommunane om eigenproduksjon og eksterne kjøp av tenester.

Eit ekspertutval la i februar fram innstilling om korleis skatte- og avgiftssystemet bør utformast. Utvalet legg vekt på at skattesystemet bør byggje på likebehandling, breie grunnlag og låge satsar. Eit anna ekspertutval har vurdert verknadene på statens inntekter av å endre avgiftene på grensehandelsutsette varer.

Stortinget har etter framlegg frå Regjeringa vedteke nye reglar om eigarkontroll i finansinstitusjonar. Lovendringa vil oppheve reglane om eigaravgrensingar vi har no, og erstatte dei med eit skjønnsbasert system som byggjer på EØS-direktiva for bank og forsikring.

Stortinget har etter framlegg frå Regjeringa vedteke lov om endringar i sentralbanklova og lova for finansieringsverksemder og om å oppheve valutareguleringslova og penge- og kredittreguleringslova. Lovvedtaket inneber mellom anna endringar i reglane for og praksis ved oppnemning av medlemmer til hovudstyret og representantskapet i Noregs Bank, og innføring av eit prinsipp om at rentevedtaka til hovudstyret skal vere offentlege. Praksisen med at stortingsgruppene kjem med framlegg til medlemmer til hovudstyret vil ikkje bli vidareført.

Stortinget har etter framlegg frå Regjeringa vedteke ei ny lov om tiltak mot kvitvasking av utbytte frå straffbare handlingar m.m. Framlegget vil gjennomføre det andre kvitvaskingsdirektivet frå EU og internasjonale tilrådingar frå FATF, eit internasjonalt samarbeidsforum som arbeider mot kvitvasking og terrorfinansiering.

Regjeringa har gjennomført fleire tiltak for å førebyggje og finne hjelperåder mot organisert og økonomisk kriminalitet. Gjennom eit eige prosjekt er det teke initiativ både til nasjonale tiltak og internasjonale engasjement der Noreg kan bidra med auka innsats mot mellom anna korrupsjons- og kvitvaskingskriminalitet.

Regjeringa har fremja og Stortinget har vedteke eit nytt straffebod mot korrupsjon.

Regjeringa har ført vidare arbeidet med prosjektet for raskare straffesaksbehandling.

Stortinget har vedteke å godta EU-direktivet om rettsleg vern av bioteknologiske oppfinningar som ein del av EØS-avtala. Framlegget frå Regjeringa til gjennomføringslovgiving er til handsaming i Stortinget.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal greie ut om styrking av rettsleg vern mot diskriminering for funksjonshemma.

Det er oppretta eit nytt nasjonalt datakrimsenter for å bidra til å oppklare datarelatert kriminalitet.

Regjeringa la i juni fram ei stortingsmelding om kvitteringar frå politiet ved visitasjonar og annan kontroll.

For å sikre meir rasjonell uttransportering av asylsøkjarar er det etablert eit prosjekt som skal greie ut og leggje til rette for ei ny nasjonal registrerings- og effektueringseining med sikte på å overta det landsdekkjande ansvaret politiet no har.

Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker vart oppretta 1. september 2003.

Kontoret for valdsoffererstatning vart oppretta 1. september 2003 i Vardø med 14 nye arbeidsplassar.

Stortinget har slutta seg til framlegget frå Regjeringa om å gjere konfliktrådsordninga til ei statleg ordning frå 1. januar 2004.

Domstoladministrasjonen vart oppretta 1. november 2002 i Trondheim. I samband med opprettinga blir det overført totalt 65 årsverk frå Oslo til Trondheim.

Regjeringa har lagt fram ein treårig handlingsplan mot handel med kvinner og barn.

Regjeringa sin handlingsplan «Vald mot kvinner» blir avslutta i 2003 med å utarbeide ein ny handlingsplan for dei kommande åra. Lov om fiktiv identitet, som mellom anna skal verne kvinner som er utsette for vald, er vedteken.

Det er utarbeidd nasjonale retningslinjer for vern av vitne, her medrekna informantar og offer for vald. Det er vidare etablert eit nordisk politisamarbeid for vern av vitne.

I 2003 er det vidareført ein omfattande omstillingsprosess med utgangspunkt i stortingsmeldinga om politireforma. Over 1 200 stillingar er omdisponerte i samband med samanslåing av fleire politidistrikt og det utviklingsarbeidet som er gjennomført i heile politiet. Over 400 årsverk er frigjorde for omfordeling til publikumsretta og operativ teneste.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med utprøving av nye arbeidsmåtar som kan avlaste dei ordinære namsmennene i politiet for administrative oppgåver.

Frå 1. januar 2003 er ordninga med promilleprogram gjord landsdekkjande. Domstolane kan idømme dette som eit alternativ til fengselsstraff for personar som vedgår at dei har eit alkoholproblem.

Med verknad frå 1. september er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap etablert. Det nye direktoratet vil utgå frå det noverande Direktoratet for sivil beredskap og Direktoratet for brann- og eltryggleik. Det er vedteke at direktoratet skal liggje i Tønsberg.

Det er gjort ei rekkje endringar i utlendingslova og -forskrifta for å betre kontrollen med tilstrøyminga av asylsøkjarar, redusere talet på grunnlause asylsøkjarar og styrkje kampen mot kriminalitet.

Framlegget frå Regjeringa til lov om introduksjonsordning for nye innvandrarar vart vedteken av Stortinget i juni. Formålet med lova er å gjere det lettare for nye innvandrarar å kunne ta del i yrkesog samfunnslivet.

Kompetansesenteret for rettane til urfolk vart formelt opna 1. september i år.

I tråd med målet til Regjeringa om maktspreiing og styrkt lokaldemokrati er om lag ⅘ av midlane til regional- og distriktspolitikken frå 2003 desentralisert til fylkeskommunane. Reforma styrkjer fylkeskommunen som regional utviklingsaktør.

Regjeringa har oppretta ein distriktkommisjon som skal gå igjennom heile den norske regional- og distriktspolitikken.

Regjeringa har forenkla og effektivisert byggjesaksprosessen vesentleg. Tidsfristar og enklare behandling av mange byggjesaker er innførte, og det er lagt til rette for elektronisk byggjesaksbehandling.

Det er gjennomført endringar i plan- og bygningslova som inneber innsparingar for samfunnet ved at planbehandlinga blir raskare og går som forventa. Det er innført fristar for behandling av private reguleringsforslag i kommunane.

Stortinget vedtok i februar i år framlegget frå Regjeringa til ny lov om rett til miljøinformasjon.

Stortinget har handsama stortingsmeldinga om reint og rikt hav og slutta seg til hovudlinjene i framlegget frå Regjeringa om ein ny og meir heilskapleg havmiljøpolitikk.

Regjeringa har sendt søknad til UNESCO om nominasjon av det unike kulturlandskapet Vegaøyan på Helgelandskysten som verdsarvområde etter UNESCO-konvensjonen om vern av kultur- og naturarven i verda. Dette er den første nominasjonssøknaden til UNESCO på nesten 20 år.

Eit tverrsektorielt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald er sett i verk.

I stortingsmeldinga om miljøvernpolitikken til Regjeringa og miljøtilstanden i riket foreslo Regjeringa mellom anna ein strategi for auka skogvern, som mellom anna skal sikre høg fagleg kvalitet i vernearbeidet og samtidig redusere konfliktane.

Norge gjennomførte ei brei markering av FNs internasjonale «Fjellenes år 2002». Regjeringa la fram ei eiga sak i Revidert nasjonalbudsjett om auka berekraftig bruk av fjellområda til turistformål.

Stortinget har handsama proposisjonen om å opprette nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Det er oppretta 37 nasjonale laksevassdrag og 21 laksefjordar, og grunnlaget for den framtidige forvaltninga av desse laksebestandane er fastlagd.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om familiepolitikken der det mellom anna blir foreslått tiltak for å styrkje forpliktande samliv og foreldreskap.

Regjeringa la i juni fram ein odelstingsproposisjon for Stortinget med framlegg om å endre reglane i selskapslovgivinga om styresamansetjing for alle offentleg eigde foretak og allmennaksjeselskap slik at det skal vere minst 40 pst. representasjon av begge kjønn. For dei private selskapa er det foreslått at lovreglane berre skal setjast i verk dersom ein ikkje når den ønskte kjønnsrepresentasjonen frivillig innan 1. juli 2005.

Regjeringa la i april fram ein tiltaksplan for å redusere det kommersielle presset mot barn og unge og bevisstgjere barn og foreldre slik at dei blir betre i stand til å møte reklame- og kjøpepresset som barn blir utsette for.

Stortinget har handsama stortingsmeldinga om barne- og ungdomsvernet og mellom anna slutta seg til forslaget om at staten skal overta dei oppgåvene innanfor barnevernet og familievernet som fylkeskommunen har hatt til no, frå 1. januar 2004. Regjeringa har sett i gang arbeidet med å følgje opp vedtaket.

Regjeringa har prioritert arbeidet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting med utgangspunkt i dokumenta «Fornyet innsats mot tvangsekteskap våren 2002» og «Regjeringens innsats mot kjønnslemlestelse i 2002».

Regjeringa har utarbeidd nytt og forenkla regelverk for tilskott til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar.

Noregs tredje rapport om oppfølging av FNs barnekonvensjon vart send til FN i april 2003.

I samband med stortingsvedtaket om å inkorporere FNs barnekonvensjon, vart det vedteke endringar i barnevernlova og adopsjonslova som gjeld retten som barn har til å bli høyrde. Tilsvarande endringar vart vedtekne i barnelova.

Regjeringa har fremja ein odelstingsproposisjon med utkast til ny lov om medisinsk bruk av bioteknologi som ei oppfølging av handsaminga av stortingsmeldinga om evaluering av lova i Stortinget.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal vurdere reguleringa av medisinsk forsking som involverer menneske og humant biologisk materiale.

Stortinget har vedteke ny lov om alternativ behandling som inneber ei rettsleg regulering av dette feltet. Samtidig blir det sett i verk tiltak for å oppnå auka samarbeid og integrering mellom den etablerte helsetenesta og alternative utøvarar.

Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999–2006 og Nasjonal kreftplan 1999–2003 er følgd opp.

Regjeringa har lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg til nytt finansieringsansvar for sjuketransport. Målsetjinga er å stimulere til behandling nær bustaden til pasienten når det er til fordel for pasienten.

Regjeringa har fremja forslag til ei styrking av dei lovfesta rettane som pasientane har, mellom anna i forhold til fritt sjukehusval og individuelle fristar for behandling.

Det er stadig kortare ventetider og færre som ventar ved sjukehusa.

Regjeringa la våren 2003 fram ei stortingsmelding om politikken for personar med nedsett funksjonsevne. Meldinga omtalar strategiar og tiltak som skal bidra til å redusere funksjonshemmande barrierar.

Gjennom fleire år har Handlingsplan for eldreomsorga medverka til auka personellinnsats og ei større utbygging av det kommunale pleie- og omsorgstilbodet i moderne sjukeheimar og nye omsorgsbustader. Regjeringa har lagt fram ei eiga melding til Stortinget med ei rekkje tiltak for å bidra til betre kvalitet, større valfridom og enklare ordningar. Regjeringa har gjort avtale med Kommunenes Sentralforbund om kvalitetsutvikling i pleie- og omsorgstenesta.

Stortinget har slutta seg til framlegget frå Regjeringa om endringar i lov om vern mot tobakksskadar. Med lova blir det innført forbod mot røyking på alle serveringsstader frå og med 1. juni 2004.

Regjeringa følgjer opp handlingsplanen mot rusmiddelproblem. Regjeringa har fremja forslag til reform av tiltaksapparatet for rusmiddelmisbrukarar for Stortinget. I mars vart det oppnemnt eit lovutval som skal greie ut og komme med forslag til forenklingar og betre harmonisering av den kommunale helse- og sosiallovgivinga.

Regjeringa har lagt fram Rekrutteringsplan for helse- og sosialpersonell 2003–2006. Planen legg vekt på å stabilisere bemanningssituasjonen i den kommunale helse- og sosialtenesta.

Regjeringa la i desember 2002 fram ei stortingsmelding om samordning av Aetat, trygdeetaten og sosialtenesta med framlegg om ei organisatorisk reform med sikte på å få fleire i arbeid og aktivitet og færre på trygd og sosialhjelp, og ei brukarretta og effektiv velferdsforvaltning. Stortinget handsama meldinga i mai 2003 og bad Regjeringa greie ut vidare ulike modellar for éin felles etat.

Utvalet som har sett på ulike sider ved kvalitet i grunnopplæringa, leverte utgreiinga si sommaren 2003.

Det er vedteke å overføre forhandlingsansvaret for lønns- og arbeidsvilkår for lærarar og skoleleiarar frå staten til kommunane og fylkeskommunane med verknad frå 1. mai 2004. Ved å overta forhandlingsansvaret vil kommunane og fylkeskommunane som eigarar få betre høve til å styre og utvikle skolen, også når det gjeld kvalitet.

Grunnskolelova har fått nye lovreglar om det fysiske og psykososiale skolemiljøet til elevane.

Det er gjort endringar i opplæringslova for lokalt å kunne auke handlingsrommet i grunnskoleopplæringa, mellom anna når det gjeld klassedelingsreglar og kompetansekrav ved tilsetjing av rektorar.

Ordninga med demonstrasjons- og bonusskolar er sterkt utvida i 2003. Nytt i 2003 er at det er tildelt midlar til ti demonstrasjonsbedrifter mellom lærebedriftene.

Ved endring i opplæringslova har no vaksne fått rett til å få vurdert realkompetansen sin med sikte på arbeid, såkalla yrkesprøving. Lovendringa må ein sjå som eit ledd i å opprette eit nasjonalt system for dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse.

Regjeringa har ført vidare arbeidet i Forum for kompetanse og arbeidsliv som møteplass for styresmaktene, partane i arbeidslivet og utdanningsinstitusjonar.

Det er vedteke ny lov om fagskoleutdanning. Den etablerer eit system for offentleg godkjenning av korte yrkesretta utdanningar som det er behov for i arbeidsmarknaden.

Folkehøgskolane er regulerte gjennom ei ny lov. Det nye regelverket inneber ei markert ansvarsoverføring til skoleeigar og den enkelte skolen.

Frå skoleåret 2003–2004 er det innført ei ny studiestøtteordning for unge elevar i ordinær vidaregåande opplæring. Den nye ordninga er meir målretta ved at elevar frå familiar med svak økonomi vil få auka stipendutbetaling.

Kvalitetsreforma i høgare utdanning er innført fullt ut hausten 2003.

Innanfor ramma av kvalitetsreforma og i lys av aukande internasjonalisering har eit regjeringsoppnemnt utval lagt fram ei utgreiing om felles lovverk for høgare utdanning.

For å bidra til ei opptrapping av norsk forskingsinnsats er kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping i 2003 auka med 4,8 mrd. kroner til 31,8 mrd. kroner.

Regjeringa har satsa på å styrkje det internasjonale forskingssamarbeidet gjennom tilslutning til EUs rammeprogram for forsking og teknologi, som er det mest omfattande forskingssamarbeidet som Noreg tek del i. Vidare vart det i mai underskrive ei forskings- og teknologisamarbeidsavtale med Japan.

Den første Abel-prisen i matematikk vart utdelt i juni 2003.

Det er oppretta eit fond for utdeling av ein ny nordisk pris for framifrå forsking innanfor samfunnsvitskap og humaniora, Ludvik Holbergs minnefond.

Den norske kyrkja har eit stabilt medlemstal på om lag 86 pst. av befolkninga, og det er høg oppslutning om dei kyrkjelege handlingane.

Regjeringa har nemt opp eit breitt samansett utval som skal greie ut om forholdet mellom stat og kyrkje for å gi grunnlag for å treffe vedtak om statskyrkjeordninga skal halde fram, reformerast eller avviklast.

Byggjearbeida ved oppføring av nytt operahus i Bjørvika i Oslo vart sette i gang i februar 2003. Stortinget har slutta seg til framlegget frå Regjeringa om å gi tilsegn om midlar til eit nytt teaterbygg i Tromsø for Hålogaland Teater.

Nasjonalmuseet for kunst, som omfattar verksemda ved Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Kunstindustrimuseet i Oslo og Norsk Arkitektmuseum, vart etablert 1. juli 2003 som ein stiftelse. Det er med dette etablert ei ny nasjonal museumseining for biletkunst, kunsthandverk, design og arkitektur.

AMB-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum – vart oppretta 1. januar 2003. Dette nye samordnings- og utviklingsorganet erstattar Statens bibliotektilsyn, Riksbibliotektenesta og Norsk museumsutvikling og skal i tillegg ta seg av oppgåver på arkivfeltet.

Det er lagt fram ei stortingsmelding som gir perspektiva for den samla kulturpolitikken for dei kommande ti åra.

Det er tildelt konsesjon til å drive kommersielle radiosendingar med klar allmennkringkastingsprofil i det fjerde riksnettet i FM-bandet til Kanal4 AS og i det femte riksnettet, med krav om ein klar nyhende- og kulturprofil, til P4 Radio Hele Norge ASA.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om konsesjonen til å drive nytt digitalt bakkenett for fjernsyn, som på sikt skal kunne erstatte dei analoge bakkesendarane som NRK, TV 2 og lokal-TV sender via i dag.

Etter framlegg frå Regjeringa har Stortinget vedteke endringar i reglane for lotteri og pengespel med sikte på å få rydda opp i gevinstautomatmarknaden.

Det er for 2003 utdelt midlar frå overskottet i Norsk Tipping AS til kulturformål med 150 mill. kroner og til idrettsformål med 1 050 mill. kroner. Av fordelinga til idrettsformål er det sett av 572 mill. kroner til idrettsanlegg, 314 mill. kroner til Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite, 105 mill. kroner til direkte tilskott til arbeid for barn og unge i lokale lag og foreiningar og 58 mill. kroner til andre idrettsformål.

Stiftelsen Antidoping Norge vart oppretta i juni 2003 for å sikre sjølvstende for kontroll- og påtaleverksemda i dopingsaker.

Gitt på Oslo Slott 26. september 2003
Under Vår hand og riksseglet


Dette verket er ikkje beskytta av opphavsretten, av di det vart laga av Den norske regjeringa (Åndsverklova §9).