Reven paa Alvstad
Reven paa Alvstad.
Det finnst ogso Dyr, som tenkja frametter og det langt fram, ja endaa solangt dei kunde liva og væl so det. Eg minnest just no Reven paa Alvstad, som var tamd og livde i Huset som ein Katt. Han stelte seg so væl i Garden og saag so sedleg ut, at Alle trudde honom det beste. Han gjekk imillom Hønor og Ender og Gjæser og Alt med Fjødr paa, som Reven er so galen etter, og rørde ikkje eit Liv. Men lenger burt i Bygdi kom burt Fugl etter Fugl, og ingen kunde gita, kvar all denne Fuglen vardt av. Det var Mange, som mistenkte denne Reven, men daa inkje kom burt paa Garden der han var elder nærast derikring, so kom denne Mistanken burt. Og Reven sat og høyrde paa all denne Røda og gat ikkje eit Ord, men gjorde Skalkeandlitet sitt so aalvorsamt, som det er mogelegt fyr Reven. Han kjende væl Hjartegnag, som ein Kjennar kunde sjaa, i di at han drog Halen lægre, naar der kom ei Kona til Gards og greet fyre den gode Eggehøna si, men han var ein so forherdug Syndar, at han slog alt burt og fylgde si vonde Lyst. Til Slut bar det til aa lukta i Garden, og daa det vardt leitat etter der det kom ifraa, fannst det ei Hola ut ifraa ein Haug og inn i Kjellaren, som var full av Fugl. Han hadde ikkje havt Salt, den Stakaren, so Maten hans tok Usmak; men so klok hadde han voret, at han hadde lagt det yngste inst inne og det eldste ytst ute, so han aat den gamle ule Maten og leet den nye verda gamall, som alle sparsame Gardmannsfolk paa Landet; for Maten er drygre, daa han er traa og ul. Det var somyket, at han kunde hava havt Suvl all sin Dag, so det var Gut, som tenkte fraa det eine Matmaalet til det andre, ja paa Alderdomen med, og det um han hadde Kosten og fritt Hus dihelder.
Aasmund Vinje. (Or „Ferdaminni“).