Hopp til innhold

Pyk og Sløg og Oskelabben

Fra Wikikilden

Pyk og Sløg og Oskelabben.


Det var tri Brøder som hadde ikkje nokot til liva utav. So vilde Pyk og Sløg av til Kongsgarden aa stela Gjæser, og so bad Oskelabben um han maatte ’kje vera med. Nei, kvat skulde no han vera med fyre, han som laag i Oska jamt og grov: det var ingi Raad. So var det ein Kveld, daa leggja dei av Garde, og Oskelabben fer Vegjen og dei skogveges; og Oskelabben beint i Kongsgarden og segjer det ved Kongen:

„I Kveld kjem her Tjovar og vil stela Gjæser; maa no eg faa den beste, so skal eg fria alle dei andre,“ segjer han.

„Ja det skal du faa,“ segjer Kongen.

„Men so lyt eg faa ei Hovtong av deg,“ segjer han til Kongen.

Ja Karen fekk det han bad um og havde seg av inni Gaasegarden. So ut paa Kvelden kjem no Pyk og vil faa seg ei Gaas; med same han er inn-um Grindi, tek Oskelabben honom i Nosi med Hovtongi og vrid, so han vrid mest rundt paa honom Nosi. Og han ylade og skreik, at han skulde no slett aldri koma der meir; det var for øgjelegt, som Gassen klypte!

„Du er daa ei Armod!“ sagde han Sløg, „eg skal væl faa Gaasi!“ sa’han.

Nei so tok Oskelabben daa honom endaa verre, so han sleit mest av honom Nosi. Der var ’kje Raad til koma.

So Oskelabben heim-atter daa til flysja og steikja Gaasi si; so hadde han henne ferdug, naar dei komo heim. So spurde dei, kvar han hadde fenget den.

„Aa, d’er ’kje agtande paa kvar eg heve fenget den,“ sagde han.

So dei til aa bidja honom so vænt, at dei maatte eta med. „I Morgon vilja me av aa stela Bekrar, so maa du vera med,“ sagde dei.

„Aa det verd væl daa, som vant er,“ sagde han. Men so fekk dei do eta med.

Andre Kvelden vilde dei no av aat Kongsgarden aa stela Bekrar, men daa maatte ’kje han vera med atter: „vera med deim, nei det bar aldri til! men han maatte faa Lov til sitja heime paa Aaresteinarne med hine Kjettorna og glo og grava i Oska, det maatte han! det var Maaten fyre honom!“ So drogo dei av, dei skogveges, og han Vegen og beint til Kongen atter.

„I Kveld kjem det Tjovar og vil stela Bekrar ifraa deg; maa no eg faa den beste, so skal eg fria alle dei andre,“ sagde han; „men so lyt eg faa ei Klubba,“ sagde han ved Kongen.

Den fekk han og smatt seg so av inn i Fjoset. Kjem no Pyk tuslande og vil faa seg ein Vedr; legg so Oskelabben til honom i Skallen, so han trullar burtetter Tallen. So kom han vaalande og skrikande ut til honom Sløg. „Eg heve aldri seet so vonde Vedrar i mi Tid; han stangade meg, so eg laag tvifald paa Tallen; eg skal aldri koma der meir,“ sagde han.

„Ja du er daa ei Olmosa, at du kann ’kje berga deg fyre ein Bekre! Lat meg sleppa til!“ sagde Sløg.

Han inn; so fær han seg ein Trykk i Nakken, so han trillar som ein Kongul. Nei detta var daa øgnare endaa en med Gjæserna: der var ’kje Raad med aa koma.

So Oskelabben heim atter, og til aa slaatra og fjalla og stella og steikja; daa dei komo daa heim, hadde han Bekren reidd. So spurde dei, kvar han hadde fenget den.

„Aa det er ’kje Mark aa, kvar eg heve fenget den,“ sagde han.

So baado dei daa so fint og fagert, at dei maatte faa eta med; dei vaaro mest klaare. „Maa me no eta med deg, so maa du vera med oss i Morgon, me vilja stela Korn.“

„Aa det verd væl daa, som vant er,“ sagde han; „elles vil eg no inkje stela, helder.“

Men so lenge tiggade og baado dei, til dei fingo eta med, og han lovade aa fylgja i Morgon. So andre Kvelden drogo dei av aat Kongsgarden atter, skogveges alle tri. Daa dei komo daa til Kornstaalet, so Brøderne til aa stappa Korn i Sekkjer, det meste dei vunno; men Oskelabben vilde ’kje bry seg med di, sagde han, og dermed tok han til aa giva paa med Laavedyri og taka henne ned.

„Nei kvat vil du med den?“ sagde dei, „du vil drepa oss med same, slikt som du staakar og so tung som ho er; dei taka oss strakst daa.“

Men han meinte, det var liten Mun i aa standa i eit Kornstaal aa stappa Korn i Sekkjer, fulla — det saag ingen seg nokot Sakn i: „eg vil hava Dyri, so kunna dei daa sjaa, at her heve voret Folk,“ sagde han. So tok han Dyri paa Ryggen, og dei ut paa Skogen. Daa dei komo daa eit Stykke paa Vegen, høyrde dei slik Dun attum seg; so kom der ridande og køyrande ei heil Ferd, so stor at det var eit Syn. Daa nøytte dei seg og toko av upp i ei stor Eik alle tri, baade med Dyr og alt; dei visste ’kje anten det var Kongsfolket, detta, elder Tussarne. So kom ho nærre, denne Ferdi, og daa var det baade Kongar og Dronningar og Prinsar og Prinsessar og Hertogar og Greivar og so fullt med høge Folk, at det var no ’kje med nokot Horv. So vilde dei halda Non under Eiki, desse Herrefolki, og so reidde dei Bord og sette seg og gjorde seg til godes med alle Slag Mat og Drikka, og so hadde dei Songspil med seg, og det spilade, med dei aato. Daa dei hadde no etet, vilde dei spila Kort og so heldo dei paa aa spila um mange tusund Dalar, — og Brøderne saato upp-i Eiki.

„Ho er so tung denne Dyri, eg er ’kje god til halda henne lenger, eg slepper!“ sagde Oskelabben.

„Ai ai, du maa ’kje sleppa! lat oss halda med!“ sagde Pyk og Sløg.

„A jei, no slepper eg!“ sagde Oskelabben. So slepte han Dyri, og Dyri ned imillom Greinerna, Kvist av Kviste, med slik Brak og Balder, det var som Himlen brast; daa tenkte dei der innunder, at det var seinste paa Heimsens Ende, og fuko fraa Kort og Pengar og Vogner og Hestar og alt saman, og sprungo so dei draapo seg mest.

„No vilja me ned eta og hava oss godt!“ sagde Oskelabben.

Dei ned atter og til aa eta og drikka, so det var ’kje med Maate: det var slike Retter og Drykkjer, der hadde aldri Menneskje seet slikt. Daa dei hadde daa etet, sagde Oskelabben:

„No vilja me lesa fyre Maten, og so vilja me syngja og,“ — han var so glup til syngja, det hadde ingen høyrt so vænt sunget.

No hadde desse Storfolki komet fælt langt paa Vegen, dei. So sagde Kongen det til Sveinen sin, um han torde tilbaka under Eiki og sjaa kor detta var lagat, — kvat det var for ein Brak —, og henta Pengarne og Hestarne og Vognerna: um han torde det? Ja, so gjekk Sveinen tilbaka og kom til Eiki.

Der laago dei kvilte innunder Eiki, dei tvo, og Oskelabben sat og song etter Maten, so urimelege vænt, — han hadde aldri høyrt so vænt. So spurde Sveinen Oskelabben, um han vilde læra honom syngja so vænt og kvat han vilde hava fyre det. „Jau det er snart lært,“ sagde Oskelabben, „eg heve rakat Tunga mi.“ „Det vøre no ’kje so væl at du vilde raka mi og? “sagde Sveinen. „Jau, det skal eg gjera,“ sagde Oskelabben: „du lyt retta ut Tunga di daa.“ Han rette ut Tunga, snikk! skar Oskelabben henne av. „Bolbollollollop,“ sagde Sveinen og sprang tilbaka so bivrande rædd. „Korso hadde det seg med Pengarne og Hestarne og Vognerna og alt saman?“ sagde Kongen. „Bolbollollollop,“ sagde hin. Daa vardt Kongen so fælen, han lagde til Sprangs med heile si Ferd, so heitt og hardt som han kunde.

So hadde no Oskelabben alle Pengarne og Hestarne og Vognerna og alt det der var og beid og fannst. Og so drog han langt av til ein Herregard: der kaupte han seg Gard so svær at han var mest som Kongsgarden; so vaaro Brøderne Sveinarne hans. Og so bidlade han til Kongsdotteri og fekk henne, og so drukko dei Gjestebod baade stivt og sterkt, og eg var med og inkje fekk, annat ei Tobaktugga og ein Lefsebite, og Lefsebiten aat eg upp og Tobaktugga lagde eg ned i Ovnskroi,

so lagde eg mitt Æventyr ned paa ein Sleda
og køyrde til den som best kunde kveda;
den som kund’kje so kveda betre en eg,
Skamm skal taka’n fyr’ han log aat meg.