Side:Nye testamente (1889).djvu/77

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Vindflaga, og Baarorna slog inn i Baaten, so han alt fylltest.
28 Og han laag i Atterskuten og sov paa ei Hovudputa. Og dei vekte honom og sagde til honom: „Meister, vyrder du ikkje um, at me setja til?“
39 Og han reiste seg og agade Vinden og sagde til Sjoen: „Teg still og ver logn!“ Og Vinden spaknade, og det vart stavande Stilla.
40 Og han sagde til deim: „Kvi ero de so ræddhugade? korleides, hava de ikkje Tru?“
41 Og dei var storlege rædde og sagde til kvarandre: „Kvat er daa dette for ein, at baade Vinden og Sjoen lyda honom?“

5te Kapitlet.

1 Og dei kom paa hi Sida aat Sjoen til Gadarenar-Landet.
2 Og daa han steig ut or Baaten, kom det strakst imot honom ut or Gravom ei Menneskja med ein urein Ande,
3 som hadde Tilhald i Gravom; og ingen kunde binda honom, ikkje eingong med Lekkjor;
4 for han hadde ofta voret bunden med Fotband og Lekkjor, men Lekkjorna hadde brotnat av honom og Fotbandi slitnat, og ingen kunde raada med honom;
5 og han var alltid Natt og Dag paa Bergom og i Gravom og skreik og slo seg sjølv med Stein.
6 Og daa han saag Jesus paa lang Leid, kom han springande og fall ned fyre honom og skreik høgt og sagde:
7 „Kvat heve eg med deg, Jesus, den høgste Guds Son? eg manar deg ved Gud, at du ikkje maa pina meg.“
8 For han sagde til honom: „Far ut or Menneskja, du ureine Ande!“
9 Og han spurde honom: „Kvat er Namnet ditt?“ Og han svarade og sagde: „Legion er Namnet mitt; for me ero mange.“
10 Og han bad honom so myket, at han ikkje maatte driva deim ut or Bygdi.
11 Men der ved Berget gjekk ein stor Flokk Svin paa Beite.
12 Og alle ddei vonde Andarne bad honom og sagde: „Send oss til Svini, so me kunna fara inn i deim.“
13 Og Jesus gav deim strakst Lov til det. Og dei ureine Andarne foor ut og foor inn i Svini; og Flokken stupte seg utyver Bakken og i Sjoen, — men det var tvo Tusund paa Lag — og dei druknade i Sjoen.
14 Og dei, som gjætte Svini, flydde og fortalde det i Byen og i Bygdi. Og dei gjekk