Side:Nye testamente (1889).djvu/74

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

og at han kunde senda deim ut til aa forkynna
15 og hava Magt til aa lækja Sjukdomar og driva vonde Andar ut.
16 Og han gav Simon Tilnamnet Petrus;
17 og Jakob, Sebedæus’ Son, og Johannes, Broder til Jakob, og han gav deim Tilnamnet Boanerges, det er Tore-Sønerne,
18 og Andreas og Filippus og Bartolomæus og Mattæus og Tomas og Jakob, Alfæus’ Son, og Taddæus og Simon Kananites
19 og Judas Iskariot, som og forraadde honom.
20 Og dei kom heim, og Folket kom paa nytt saman, so dei ikkje kunde faa seg Mat eingong.
21 Og daa Folket hans høyrde det, kom dei og vilde taka honom; for dei sagde: „Han er fraa seg.“
22 Og dei Skriftlærde, som var komne ned fraa Jerusalem, sagde: „Han heve Beelsebul, og med Hjelp av Hovdingen fyre dei vonde Andar driv han dei vonde Andar ut.“
23 Og han kallade deim til seg og sagde til deim i Liknadar: „Kor kann Satan driva Satan ut?
24 Og dersom eit Rike vert usamt med seg sjølv, so kann det Riket ikkje standa;
25 og dersom eit Hus vert usamt med seg sjølv, so kann det Huset ikkje standa;
26 og dersom Satan heve sett seg upp og vortet usamd med seg sjølv, so kann han ikkje standa seg, men det er ute med honom.
27 Ingen kann ganga inn i Huset til den sterke og rana hans Bunad, utan han fyrst fær bundet den stærke, og so kann han rana Huset hans.
28 Sannelege segjer eg dykker, at alle SYnder skulo verta Menneskjebornom forlatne, og alle Spottingar med, for myket dei so spotta;
29 men den, som spottar den heilage Ande, han fær i all Æva ikkje Forlating, men er skyldig til æveleg Dom.“
30 For dei hadde sagt: „Han heve ein urein Ande.“
31 So kom Brøderne og Moder hans og vart standande utanfyre og sende Bod og bad honom koma.
32 Og Folket sat umkring honom, og dei sagde til honom: „Sjaa, Moder di og Brøderne dine der ute spyrja etter deg.“
33 Og han svarade deim og sagde: „Kven er mi Moder elder mine Brøder?“
34 Og han saag umkring paa deim, som sat um honom, og sagde: „Sjaa mi Moder og mine Brøder!
35 For den, som gjerer