Side:Nye testamente (1889).djvu/71

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

39 Og han tlade i Stemnestovom deira rundt i heile Galilæa og dreiv dei vonde Andar ut.
40 Og det kom til honom ein spitelsk Mann, som bad honom og fall paa Kne og sagde til honom: „Dersom du vil, so kann du reinsa meg.“
41 Men Jesus ynkadest og rette Handi ut og rørde ved honom og sagde: „Eg vil; vert du rein!“
42 Og med det same han sagde det, sleppte Spillsykja honom, og han vart rein.
43 Og han talade strengt til honom og hadde honom strakst ut
44 og sagde til honom: „Sjaa til, du ikkje segjer nokon det, men gakk og syn deg fram fyre Presten, og ofra fyre di Reinsing det, som Moses heve paabodet, til Vitne fyre deim.“
45 Men daa han kom ut, gav han seg til aa tala myket um det og bar Ordet utyver, so Jesus ikkje lenger kunde ganga openberrleg inn i ein By, men var ute paa ubygde Stader; og dei kom til honom fraa alle Leider.

2dre Kapitlet.

 Nokre Dagar seinare gjekk han inn i Kapernaum atter, og det spurdest, at han var heime.
2 Og strakst kom mange saman, so dei fekk ikkje Rom, jamvel ikkje utanfyre ved Dyrri. Og han talade Ordet til deim.
3 Og dei kom til honom med ein verkbroten Mann, som vart boren av fire Mann.
4 Og daa dei ikkje kunde koma fram til honom fyre Folkehopen, tok dei Taket av, der han var, og daa dei hadde rivet det upp, let dei Sengi siga ned, som den verkbrotne laag i.
5 Og daa Jesus saag deira Tru, sagde han til den verkbrotne: „Son, dine Synder ero deg forlatne.“
6 Men der var nokre av dei Skriftlærde, som sat der og tenkte i sitt Hjarta:
7 kvi talar denne slike Spottingar? kven kann forlata Synder utan Ein, det er Gud?
8 Og strakst kjende Jesus i sin Ande, at dei tenkte so med seg sjølve, og han sagde til deim:
9 „Kvi tenkja de slikt i dykkar Hjarto? Kvat er lettat, aa segja til den verkbrotne: Dine Synder ero deg forlatne, elder aa segja: statt upp, tak Sengi di og gakk?
10 Men so de kunna vita, at Menneskjesonen heve Magt til aa forlata Synder paa Jordi,“ —
11 so sagde han til den verkbrotbe: — „Eg segjer deg, statt upp, tak Sengi di og gakk heim!“
12 Og han stod strakst upp