31 Daa segjer Jesus til deim :
„De skulo alle styggjast ved meg
i denne Natt; for det er skrivet:
Eg vil slaa Hyrdingen, og
Sauderne i Flokken skulo drivast ifraa
kvarandre.
32 Men etter at eg er
uppstaden, vil eg ganga fyre dykker
til Galilea."
33 Men Petrus svarade og
fagde til honom: „Um dei so alle
stulde styggjast ved deg, so skal daa
aldrig eg styggjast."
34 Jesus sagde til honom:
„Salnnelege segjer eg deg, at i
denne Natt, fyrr enn Hanen gjel,
skal du neitta meg tri Gonger."
35 Petrus segjer til honom:
„Um eg og skulde døy med deg,
skal eg ikkje neitta deg."
Men likaeins sagde og alle
Læresveinarne.
36 Daa kom Jesus med deim
til ein Hage, som var kallad
Getsemane, og sagde til Læresveinarne :
„Setje dykker her, medan eg gjeng
burt der og bed."
37 Og han tok med seg Petrus
og dei tvo Sønerne til Sebedeus
og tok til aa fæla og gruva.
38 Daa segjer han til deim:
„Mi Saal er sorgtyngd reint til
Dauden; vente her og vake med
meg!"
39 Og han gjekk eit litet
Stykkje lenger, fall ned paa sitt
Andlit og bad og sagde: „Min
Fader, er det moglegt, so lat den
Skaali ganga fraa meg; men ikkje
som eg vil, men som du vil."
40 Og han kjem til
Læresveinarne og finn deim sovande og
segjer til Petrus: „So kunde de
ikkje vaka ein Time med meg?
41 Vake og bede, so de ikkje
maa koma i Freisting. Anden er
fulla viljug, men Kjøtet er veikt."
42 Han gjekk atter andre
Gongen burt og bad og sagde:
„Min Fader, kann ikkje denne
Skaali ganga fraa meg, utan eg skal
drikka henne, so verte din Vilje!"
43 Og han kjem og finn deim
atter sovande; for Augo deira var
svevntyngde.
44 Og han let deim vera og
gjekk avstad atter og bad tridje
Gongen og sagde dei same Ord.
45 Daa kjem han til sine
Læresveinar og segjer til deim:
„Sove no og kvile dykker! Sjaa
Timen er nær, og Menneskjesonen
vert forraadd i Henderne paa
Syndarar.
46 Stande upp, lat oss ganga,
sjaa, han, som forraader meg, er
nær!"
47 Og medan han enno
talade, sjaa, daa kom Judas, ein
av dei tolv, og med honom ein
stor Hop med Sverd og Stavar
ifraa Øvsteprestom og dei Eldste
fyre Folket.
48 Og han, som forraaode
honom, hadde gjevet deim eit
Merke og sagt: „Den, som eg
kysser, han er det, gripe honom!"
49 Og strakst gjekk han til
Jesus og sagde: „Heil deg, Rabbi"
og kyste honom.
Side:Nye testamente (1889).djvu/55
Denne siden er korrekturlest