alltid hjaa dykker; men meg hava
de ikkje alltid.
12 For ho hellte ut denne
Salven yver min Likam til aa
reida meg til min Jordferd.
13 Sannelege segjer eg dykker:
Kvarhelst dette Evangelium vert
forkynt yver all Verdi, skal ogso
det, som ho gjorde, verta umtalat
til Minne um henne."
14 Daa gjekk ein av dei tolv,
som heitte Judas Iskariot, burt til
Øvsteprestarne,
15 og sagde til deim: „Kvat
vilja de giva meg, at eg skal
forraada honom til dykker?" Men
dei gav honom tretti Sylvpeningar.
16 Og etter det søkte han
eit godt Høve til aa forraada
honom.
17 Men den fyrste Dagen i
dei usyrde Brauds Helg kom
Læresveinarne til Jesus og sagde til
honom: „Kvar vil du, at me skulo
laga til fyre deg aa eta
Paaskemaaltidi?"
18 Men han sagde: „Gange
inn i Byen til ein Mann der og
segje til honom: Meisteren segjer:
Mi Tid er komi ner; hjaa deg
vil eg halda Paaske med
Læresveinom mine.
19 Og Læresveinarne gjorde
so, som Jesus hadde paalagt deim,
og lagade til Paaskemaaltidi.
20 Men daa det vart Kveld,
sette han seg til Bords med dei
tolv.
21 Og daa dei aat, sagde
han: „Sannelege segjer eg dykker,
at ein av dykker vil forraade
meg."
22 Og dei vart myket sorg
gjevne og tok til aa segja til
honom, kvar ein av deim: „Det
er daa vel ikkje eg, Herre!"
23 Men han svarade og sagde :
„Han, som sting Handi i Fatet
saman med meg, han skal
forraada meg.
24 Menneskjefonen gjeng fulla
burt so, som det er skrivet um
honom; men usel den Menneskja,
som Menneskjesonen vert forraadd
av; det var godt fyre den
Menneskja, um ho ikkje var fødd."
25 Men Judas, som forraadde honom, svarade og sagde:
„Rabbi, er det eg?" Men han
segjer til honom: „Du sagde det."
26 Men medan dei aat, tok
Jesus Braudet og velsignade og
braut det og gav Læresveinom og
sagde: „Take og ete! dette er min
Likam."
27 Og han tok Kalken og
takkade, gav deim og sagde:
„Drikke alle av honom!
28 For dette er mitt Blod
til den nye Pakt, det som er
uthellt fyre Mange til Forlating
av Synderna.
29 Men eg segjer dytter, at
heretter skal eg ikkje drikka av
Frukti paa dette Vintreet, alt til
den Dagen, daa eg drikk henne
ny med dykker i min Faders Rike".
30 Og daa dei hadde sunget
Lovsangen, gjekk dei ut til Oljeberget.
Side:Nye testamente (1889).djvu/54
Denne siden er korrekturlest